Gav handlenett til Dronning Sonja

Stor stas å få overrekka eit spesialdesigna nett til sjølvaste dronning Sonja! (Foto: Mallin H. Brekke)
Lokalavisa Grannar snakka med bedrifta etter besøket, og me har fått løyve til å bruka utdrag frå teksten:
— Me fekk vist fram handlenetta våre. Dei er hundre prosent bærekraftige og dei fekk med seg eit nett med flagget på. Nettet var laga spesielt til dei, seier Leah Knudsen (17), Vilde Heimdal Jakobsen (17), Serina Victoria Ådnanes (17), Ester Fosse (18) og Martine Øvrelid (18) ved elevbedrifta Reuse på Lundeneset.
Å få kongen og dronninga på besøk på bedriftsstanden i Ølen var ei stor oppleving, og dei unge bedriftseigarane var svært stolt over å ha fått ein prat med dei kongelege.
— Dei var veldig koselege og det var veldig stas å få helsa på dei. Dei stilte mange spørsmål, seier dei unge damene til avisa.
I alt fem bedrifter var representert i Ølen under kongebesøket. Bedriftsbesøket var siste post på programmet før Kong Harald og dronning Sonja steig inn i sin staselege Audi A8 for å bli frakta ned til kongeskipet. Vinkande og med handlenettet frå Lundeneset i hand vinka dei to farvel til store og små som hadde møtt opp ved Sjøperlo for å få eit blikk av dei kongelege gjestene.

