debby-hudson-jcc8sxK2Adw-unsplash

Gav éin million

Eit anonymt ektepar har gitt éin million kroner til Lundeneset. Det er vanskeleg å uttrykka med ord kor mykje ei slik gåve betyr! 🙏🏼🙏🏼

– Me kjenner på ei stor takksemd til både givar og til Gud! Eit slikt handslag er ei stor inspirasjon i arbeidet, og gir oss frimod og mot i det vidare arbeidet. Og så viser det oss så tydeleg at me ikkje står åleine i dette arbeidet. Me er midt i oppstarten av nye byggeprosjekt, og denne gåva er til stor hjelp her. Samtidig gir det oss tryggleik og frimod til å framleis kunne prioritera ressursar inn mot det kristne arbeidet på skulen, uttalar rektor Gustav Løge Fosse.

Fosse Gustav Løge (4) kopi
Når Lundeneset nå er i gang med utbygging, kjem ei enkeltgåve på éin million godt med.

Det er ikkje berre Lundeneset som er fått av den rause givaren; fire andre Misjonssambandsskular i Rogaland, éin folkehøgskule, og Norea Mediemisjon har også fått kvar sin million. Og på toppen av dette har region sørvest av NLM fått fem millionar. Det er 12 millionar til saman, det!

Til Utsyn seier regionleiar Werner Larsen at ekteparet har presisert at dette er ei takkegåve. Dei blei sjølv frelst og bevart gjennom misjonen si verksemd, og dei kristne skulane har hatt stor betydning for både barn og barnebarn.

Foto: Leif Thorsen (drone)/Helge J. Stautland/Debby Hudson (Unsplash)