Basar på ordentleg – endeleg!
(Foto: Fabian Helmersen/TM Produksjon)
I fjor på denne tida blei basaren gjennomført heildigitalt, det vil seia med åresal for eit publikum frå heile Noregs land. I år satsar me på ein mellomting:
Klokka 18.00 ønsker me velkommen til store til tradisjonell basar med åresal i gymsalen. Det er lenge sidan me har hatt besøk utanfrå, så me håpar mange har høve til å ta ein tur til Lundeneset då. Me byr på kaffi og rundstykker, og mange fine åregevinstar.
Seinare på kvelden, nærare bestemt klokka 19.30, held me fram med digital Lundeneskveld i gymsalen. Publikum er med oss i salen, men denne sendinga blir også streama. Så har du ikkje høve til å koma til Lundeneset, kan du sitja heime i di eiga stove. I løpet av denne sendinga blir gevinstane i hovudlotteriet trekt. Ønsker du å kjøpa lodd til dette lotteriet, kan du vippsa til 533423. Lodda kostar 10 kroner pr. stk. Her har me mange kjekke ting på gevinstlista: SUP-brett, tømrar for ein dag, robotstøvsugar, friluftspakke, gåvekort, med meir.
Denne kvelden får du med deg dersom du kikkar innom her klokka 19.30: https://www.facebook.com/events/402367204739698?ref=newsfeed