04

Fysikkgjengen på Oslo-tur

Torsdag ettermiddag reiste fysikkgjengen i tredjeklasse på tur. Målet var Teknisk museum i Oslo. Der tilbrakte dei heile fredagen blant gamle og nye tekniske vidunder. Ein heil flykropp, nye og eldre bilar, telefonar og diverse andre oppfinningar av eldre og nyare dato, var utgangspunkt for å trenga djupare inn i fysikkens fasinerande univers. Det mest imponerande var kanskje modellen av Birkelands «terella» som fekk fram kunstig nordlys.

Fredag ettermiddag vart det rusletur i Oslo sentrum med vitjing av dei mest kjende stadene. Der var det lett å bli kvitt russekort, både born og vakse spurde om å få! Etterpå var det middag hos besteforeldra til Ellen Straume. Det var elles dei som var gjestfrie og sytte for overnatting for reisefylgjet.

Laurdagen var det naturleg å ta turen innom Tusenfryd for å kjenne på g-kreftene i karusellar, berg-og-dalbanar og diverse andre dumdristige innretningar. Alle kom frå det utan varige mèn.

Sjå foto frå turen her! (Alle foto: Per Ølfarnes)
Dersom ikkje biletserie viser, forsøk å oppdatera sida (F5)