Fråværet går ned
Hausten 2016 vart det innført ei ny fråværsgrense som går ut på at dersom ein elev har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i timane i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget. Statistikken frå Udir viser fråvær for dei tre siste skuleåra, og trenden er klar: Både på landsbasis, i Rogaland og ved Lundeneset har fråværstala gått ned.
I snitt hadde elevane ved Lundeneset 3 dagar og 3 timar fråvær skuleåret 2016/2017, medan tilsvarande tal for året før var 3 dagar og 4 timar. Landsgjennomsnittet var 3 dagar og 9 timar (2016/2017) og 5 dagar og 12 timar (2015/2016). Statisikken viser medianen for fråvær ført på vitnemålet, som vil seie den midterste verdien når fråværet blir sett opp i synkande eller stigande rekkefølge.
– Generelt har vi hatt lite fråvær ved Lundeneset, men vi er sjølvsagt glade for at timefråværet har gått endå meir ned, seier undervisningsleiar Arlene Pedersen.
| Heile landet | Rogaland | Lundeneset vgs | ||||
| Dagar | Timar | Dagar | Timar | Dagar | Timar | |
| 2016/2017 | 3 | 9 | 2 | 8 | 3 | 3 |
| 2015/2016 | 5 | 12 | 4 | 10 | 3 | 4 |
| 2014/2015 | 6 | 13 | 4 | 10 | 3 | 4 |
Her kan du sjå heile statistikken:
https://statistikkportalen.udir.no/vgs/Pages/Fravaer-paa-vitnemaalet.aspx