Framleis medie- og salsfag på Lundeneset

Tilbodet på Lundeneset frå 2020 blir altså om lag som før, sjølv om faginnhaldet blir justert noko. Det vil seia at skulen frå neste haust tilbyr dei nye VG1-yrkesfaga IT og medieproduksjon og sal, service og reiselivInternatskulen vil også tilby studiespesialisering og påbygg som før.

I VG2 er det programområda medieproduksjon og sal og reiseliv Lundeneset har bestemt seg for å tilby av yrkesfag.

Les meir om forslag til innhald i den nye yrkesfaglege tilbodsstrukturen her.

– På VG2-nivå konkluderte utvalet hos oss med at det var nærliggande å halda fram med den kompetansen og det tilbodet me har. Det er også dette skulen har blitt kjend for dei seinare åra, og er slik ein del av identiteten vår, fortel Fosse.

Det er i samband med fagfornyinga som blir gjeldane for heile Noreg frå 2020 at Lundeneset no har sett på skulestrukturen frå neste haust.

Samtidig ser utvalet på Lundeneset også lenger fram, på kva det vil vera naturleg å satsa på sikt.

Å jobba i ungdomsbedrift har vore eit populært tilbod i VG2 sal og service.

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss her!

Aktuelt for framtida
Fosse meiner det samla utdanningstilbodet Lundeneset tilbyr er høgaktuelt og framtidsretta:

– Det fagtilbodet me har valt å satsa på betyr mykje for korleis me vil forma samfunnet. Dette handlar om samfunnsbygging, korleis me tek i bruk ny teknologi, og korleis me stiller oss til at samfunnet blir meir og meir digitalisert.

Litt meir konkret ser Fosse til dømes mange utfordringar i spenningsfeltet netthandel og fysiske butikkar. Slike problemstillingar kan få mykje å seia for lokalsamfunnet.

– Eller ta reiseliv som døme. Folk er opptekne av fritid og opplevingar, samtidig ser me fleire og fleire klimautfordringar. Då må ein få eit større fokus på å gjera bransjen klimavenleg.

Han er også oppteken av korleis me orienterer oss i mediemangfaldet, både som bedrifter og privatpersonar:

– Samfunnet treng folk som kjenner marknad og korleis ein kan nå ut med informasjon, elles kan ein fort hamna utanfor.

På studiespesialisering er det endringar i enkeltfag. Førebels er desse planane på høyringsstadiet.

Viktig å vera på banen
Fosse meiner Lundeneset og andre kristne friskular må vera tydeleg tilstade når det gjeld å forma innhaldet i dei nye faga.

– Alle instansar innan utdanningssektoren er med og set verdipreg på fag. Ingenting er nøytralt. Kva verdiar er det som skal prega faga framover? Slike ting er det viktig å ver bevisste på.

På lengre sikt synest Fosse det er mange interessante tilbod som Lundeneset ikkje har i dag. Han nemner studiespesialisering som døme, der det vil ligga til rette for ei større vektlegging av teknologi og forsking, ingeniørfag, digitalisering og systemering.

Lenker:
VG1 IT og medieproduksjon på Lundeneset frå 2020
VG1 Sal, service og reiseliv på Lundeneset frå 2020

Publisert av
Helge Johan Stautland 2020-01-29 14:14:38

Merker
2020-2021
,
Skolestart
Del denne siden