Frå jentene sin kamp mot Solid/Trott tidlegare i slutten av august. (Foto: Håvard Sande)

Fornøgde med fotballsesongen

— Totalt sett er eg nøgd. Mange spelarar slutta i sommar, og me har fått eit stort, nytt lag med mange spelarar. Eg synest det er bra det me har teke av poeng i haust, seier Ole Arne Pedersen, trenar for Ølen/Lundeneset G19.

Djerv har førsteplassen på tabellen, eit lag som ifølge Ole Arne Pedersen har utmerka seg.

– Det har vore meir kniving om andre- og tredjeplassen. Her er det svært liten skilnad når det gjeld poeng, påpeikar han.

Tredjeplass for gutane betyr seks sigrar, tre uavgjort og tre tap.

Nokre av gutane på laget til Lundeneset har også bidrege på A-laget til Ølen denne sesongen.

Her kan du sjå tabellen for gutar 19, 1. divisjon

Tre sigrar for jentene
Jentelaget til Lundeneset hamna både i vår og i haust nest sist av sju lag. Fredrik H. Pedersen og Ola Egeland har vore trenar for jentene. I vårsesongen enda dei opp med to sigrar og sju poeng. Haustsesongen gav ein siger og tre poeng.

Trenar Ola Egeland er fornøgd med engasjementet blant jentene denne hausten.

– Sjølv om ikkje alle kampane gjekk i vår favør, har jentene møtt trufast opp på trening, og innsatsen har vore god. Eg gler meg allereie til oppkøyringa mot neste sesong. Då kjem me til å slå godt frå oss, uttalar Egeland.

Her kan du sjå tabellen for jenter 19, 2. divisjon