«Forever yours» – temadag om samliv
– Kva er utfordrande med kjærleik i vår tid?
Dag W. Haugeto Stang står på podiet i møtesalen. Det er temadag om kjærestegreier og samliv. Litt småklein stemning i starten, men når Stang stiller spørsmål til elevane i salen, blir samtalen livlegare.
– Distanse, svarar ein elev. – At me er for opptekne med mobilen, svarar ein annan.
Stang følgjer opp på scenen: – Distanse er ei utfordring, det stemmer. Men tilgjengelighet kan også vera eit problem. Han brukar porno som eit eksempel. Og kor lett mobilen har gjort det å flørta med andre medan ein er i eit forhold.
Grenser
Stang brukte også store delar av tida til å snakka om kor seksualisert samfunnet har blitt:
– Går me til film og tv-seriar, ser me at sex ofte er det normale når to personar nett har møtt kvarandre. I media i dag blir det framstilt som noko sært når ein gut og ei jente har bestemt seg for å venta med sex til dei er gift og har bestemt seg for å dela livet i lag.
– Gjennom metoo-kampanjen har seksuell trakassering blitt sett på dagsorden. Det er kjempebra at oppførsel som overskrider grenser får merksemd, seier Stang.
Kjønn, sex og identitet var også tema som blei tekne fram, og Stang viste til korleis samfunnet sine handlingar og oppfatningar rundt dette har totalt endra seg dei siste åra.
Den andre i sentrum
I løpet av føredraget kom Stang også inn på ulike årsaker til kvifor samliv og det å vera kjærestar kan vera så vanskeleg, og kva som er årsakene til at ein del forhold tek slutt.
– Kva er det som gjer det vanskeleg å leva heile livet saman? Elevane rekker opp hendene:
- Det kan bli kjedeleg
- For høge forventingar
- Du finn ein ny partner
- Ulike verdiar
- Irriterande uvanar
– Kva er det som skal til for å lukkast då? For det me veit, er at både par som går frå kvarandre og dei som held saman kranglar og har ulike verdiar. Det er ikkje slik at dei som lever saman heile livet ikkje har irriterande uvanar. Det er noko anna som gjer at dei lukkast. Dei kranglar, men på ein annan måte. Dei er usamde på ein annan måte. Det eg har sett gjennom mitt arbeid som rådgjevar, er at det kan vera vanskeleg å setja den andre i sentrum. Derfor er ei viktig innstilling når du går inn i eit forhold dette: Eg vil gjera det bra for den andre.
