Flotte treningsdagar i Spania
I vinterferien var ein del av fotballspelarane på Lundeneset på treningsleir i Spania.
Fotballspelarane på Lundeneset har reist til Malaga i Spania på treningsleir i mange år. Så også i år, sjølv om det denne gongen var i regi av Ølen idrettslag og G19-laget der.
I vinterferien var 26 spelarar, samt fem leiarar av garde. 12 av spelarane er elevar på Lundeneset. Med seg hadde dei også Ole Arne Pedersen (lærar på Lundeneset/trenar) og Geir Ivesdal (kokk på Lundeneset/kontaktperson G19).
— Me hadde flotte dagar med gode treningsforhold, og mange stunder med godt sosialt fellesskap. I alt blei det gjennomført fem treningsøkter, samt ein kamp mot Strømsgodset G17 i løpet av opphaldet. Denne vann Ølens-gjengen 6-1, opplyser Ole Arne Pedersen.
— Takk til gutane for ein kjekk tur, og til Ølen IL for godt samarbeid og moglegheita for å få dra.
[ngg src=»galleries» ids=»29″ display=»basic_thumbnail» thumbnail_crop=»0″]