Fleire vil til Lundeneset

Lundeneset vgs må tilbake til 2015 for å finna like gode søkartal som i år.

 

Etter ein svak nedgang i søkartalet i fjor, er trenden i vår det motsette. Til saman har skulen 156 søkarar til alle VG1-klassane samla, ein auke på nesten 14 prosent frå 2023.

Førsteopptaket er no i gang, men du kan framleis søka! Les meir til slutt i artikkelen.

Når det gjeld alle trinna samla, har Lundeneset 302 førsteprioritetssøkarar. Også her er det ein tydeleg auke frå året før, då talet var 274. I tillegg til desse 302, kjem rundt 70 søkarar som har Lundeneset som anten andre eller tredje prioritet

Det er undervisningsleiar Arlene Pedersen som har ansvar for opptak. Til liks med i fjor er det færre søkarar som har søkt andre utdanningsprogram på andre- eller tredjeplass: Ei forklaring på dette er at mange på førehand har bestemt seg for kva utdanningsprogram dei faktisk ønsker seg inn på, seier ho.

Mange får svarbrev frå Lundeneset i desse dagar.

Liten oppgang på yrkesfag
Dei fleste som søkjer på Lundeneset har VG1 studiespesialisering som førsteval. Heile 82 elevar har søkt seg til dette utdanningsprogrammet, ein klasse som har plass til i overkant av 30 elevar. I fjor på same tidspunkt var det 70 elevar som hadde dette som førsteval, og 97 i 2022.

Når det gjeld yrkesfag, er sal, service og reiseliv framleis eit populært val, med 43 søkarar. Dette er likt som på same tidspunkt i fjor. IT og medieproduksjon opplever ein liten auke, med 31 førsteprioritetssøkjarar (24 i 2023). Begge desse utdanningsprogramma har 18 plassar kvar.

Det nye utdanningsprogrammet i VG2, informasjonsteknologi, har fått fem søkarar. Takkar alle desse ja, blir det oppstart av denne retninga til hausten.

Les meir om VG2 informasjonsteknologi her

Påbygg, som har plass til omlag 30 elevar, har fått 36 søknader.

Framleis mogleg å søka
Det er framleis mogleg å søkja skuleplass for komande skuleår, for når skulen får inn alle svara frå føresteinntaket, vil det bli sendt ut nye inntaksbrev til søkarar på venteliste og eventuelle nye søkarar. Opptaket utover våren er fortløpande, forklarer Pedersen.

Måndag etter vinterferien starta utsending av svarbrev til søkarane. Alle som har søkt innan fristen kan forventa å få svar før påske. Nokre vil få tilbod om plass, medan andre hamnar på venteliste. Svarfristen er sett til 1. april.

Publisert av
Helge Johan Stautland 2024-03-07 12:04:10

Del denne siden