Medieproduksjon er populært for søkarar som ønsker å gå på Lundeneset.

Fleire søker yrkesfag

– Totalt har me 155 VG1-søkarar i år, mot 140 i fjor, fortel undervisningsleiar Arlene Pedersen.

Tendensen er ein klar oppgang i søkarar til dei to yrkesfaga våre.

— Me ser ein ekstra stor søknad til utdanningsprogrammet medieproduksjon samanlikna med tidlegare. I år har me 52 som har dette som førsteval, mot 34 i fjor, held Pedersen fram.

Service og samferdsel går også ein del fram samanlikna med fjoråret.

Studiespesialisering har i mange år hatt solid oversøking på Lundeneset. Mange ønsker dette utdanningsprogrammet også for neste skuleår, men litt færre enn fjoråret.

Til påbygg er det også litt færre søkarar enn fjoråret, med 43 søkarar til 30 skuleplassar.

Samla har Lundeneset fått 373 søkarar, mot 376 i fjor.

Svar undervegs
Første mars gjekk søknadsfristen ut, og førsteinntaket for skuleåret 2018/2019 startar. I løpet av neste veke kan søkarar venta seg svarbrev frå skulen. Nokre vil få tilbod om plass, medan andre hamnar på venteliste. Etter at skulen har fått inn alle svara frå førsteinntaket, vil det bli sendt ut nye inntaksbrev til søkjarar.

­Dersom du ikkje har fått svar frå Lundeneset innan 16. mars må du ta kontakt med skulen.

Arlene Pedersen understrekar at det framleis er mogleg å søka, og oppmodar dei som ikkje har fått plass endå til å ha litt is i magen.

— Fram til 15. juni blir dei som har søkt etter 1. mars prioritert bak dei som søkte innan fristen. Det er fortløpande inntak til ledige plassar utover våren og sommaren, så dei som er på venteliste for skuleplass har derfor framleis høve til å bli elev hos oss til hausten, avsluttar Arlene Pedersen.