Hannah og Kristine er ved godt mot, men har grua seg ein del til eksamen i norsk hovudmål. Foto: Helge Johan Stautland

Eksamensnervar

Hannah Berge og Kristine Aarsvoll Bø sit i matsalen og nyt siste rest av frukosten medan dei funderer på korleis oppgåvene blir sjåande ut i dag. Om ein halvtime er det oppmøte i gymsalen, der 60 pultar og 60 oppgåvesett ventar.

– Me har grua oss litt til denne dagen, me har det, seier dei to jentene.

Det meste byrjar å bli klart for utdeling av årets eksamensoppgåve i norsk hovudmål. Foto: Helge Johan Stautland

Det meste byrjar å bli klart for utdeling av årets eksamensoppgåve i norsk hovudmål. Foto: Helge Johan Stautland

Dei er spente på oppgåvene, mest på langsvarsdelen.

– Langsvaret er ein veldig avgjerande del. Sjølv om me får mange alternativ, er det ofte avansert, seier Kristine.

– Sensorane forventar nok mykje, skyt Hannah inn. – Aller helst ønsker eg å få novelletolking, men å samanlikna litterære epokar kan òg gå.

Ei grei kortsvarsoppgåve er å analysera ein samansett tekst eller finna språklege verkemiddel i ein kort tekst, skal me tru dei to avgangselevane.

På bordet framfor jentene ligg nistepakkar med frukt og brødskiver, nyttig energi når hjernen arbeider på høggir.

– Kva er det beste eksamenstipset dykkar?

– Redbull, og å bruka god tid. Prøva å få til eit godt språk med gode ord og uttrykk. Det har me øvd på, slår Kristine fast.

– For meg er det viktig å ta pausar, koma seg litt ut og få klarna tankane.

Når eksamensdagen byr på ni grader og regn, treng ikkje dei 60 elevane tenka på uuthaldande varmt eksamenslokale eller allergi. Heller ikkje at medelevar nyt sola på plenane utanfor. Det hjelper litt på motivasjonen.