_DSC0123

Éin million til Japan

I tillegg fekk Lundeneset ein sjekk på 60 000 kroner. Desse pengane er øyremerket miljøtiltak ved den kristne internatskulen i Ølensvåg.

Totalbeløpet på 1 060 000 kroner er ny rekord for russen på Lundeneset.

– Eg er stolt over kva me har fått til. Folk har stått på og jobba, både kvar for seg og i lag. Me har opplevd godt samhald dette skuleåret. Dessutan synest eg det er kult at russ kan vera med og gjera noko nyttig. Me har samla inn mykje pengar som går til ei god sak, seier avtroppande russepresident Torstein Stuhaug.

Pengane russen har samla inn går til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sitt arbeid i Japan. Pengane skal nyttast til utdanning, kyrkjelydsarbeid, barne- og ungdomsarbeid, og radio- og medieevangelisering.

– I løpet av året har me arrangert mykje, men misjonsløp og basar har vore dei største inntektskjeldene, avsluttar prosjektsjef i russen, Anne Viste .