Foto: Helge Johan Stautland

– Du treng ikkje vera med på alt som skjer

Eit godt sosialt miljø blir ikkje nødvendigvis til automatisk. I løpet av ein temadag i oppstartsvekene får elevane verdifull kompetanse om inkludering og respekt, verdiar og mobbing.

– Me legg slike temadagar inn på timeplanen fordi sosialt miljø er eit så viktig tema å snakka om. Elevane treng å få styrka sin bevisstheit rundt inkludering og visa omsyn til kvarandre, seier diakoni- og fritidsleiar Håvard Brekkå.

Tirsdag var det dei heilt ferske VG1-elevane sin tur. Gjennom undervisning, leik, konkurransar og andre gruppeoppgåver, får elevane ei god innføring i kva godt miljø betyr på ein internatskule som Lundeneset.

Sosiallærar Ruth Fosse Fjelltveit hadde fleire gode råd som ho delte med elevane:

Gjetteleik med modellkitt var ein av aktivitetane på temadag om sosialt miljø for VG1-elevane (Foto: Helge Johan Stautland)

– Ha ein inkluderande haldning. Nokre elevar treng at du aktiv spør om de skal gå saman eller gjera noko i lag. Ver imøtekomande når nokon set deg på same bord som deg i matsalen. For nokre er matsalen den beste plassen å vera på Lundeneset, for andre er det faktisk den verste, understreka Fjelltveit.

For over 180 elevar er Lundeneset no ein heim det neste skuleåret. – Ein heim rommar alt me er og gjer. Det handlar om dei daglege rutinane, måltid, og behovet for kvile. Eg anbefalar dykk å finna nokon du kan vera open om livet med, for eksempel ein person du fortelja at du akkurat no er sliten og treng kvile, understreka Fjelltveit.

Ho poengterte også at det ikkje er nødvendig å vera med på alt for å ha det bra på ein internatskule som Lundeneset:

– Du blir ikkje utstengd om du ikkje er med på alt som skjer. Det er slitsamt å vera med på alt, og slett ikkje nødvendig.

Håvard Brekkå understrekar at sosial kompetanse ikkje berre er viktig på Lundeneset, men også seinare i livet. Elevane har også snakka om verdiar og prioriteringar.

– Her var det mange gode refleksjonar hjå elevane. Men dei må utfordrast på korleis dei kan prioritera mellom det som er viktige verdiar. For eksempel på verdien respekt koma før verdien av å ha det gøy.