IMG_9815

Kva gjer me med den vonde bagasjen?

— Mykje skar seg då eg vaks opp. Då eg blei 16 år flytta eg på hybel, ville berre vekk. Men det blei ikkje slik eg hadde tenkt. Den vonde bagasjen hang igjen, fortel Alexis Lundh til den fullsette møtesalen på Lundeneset.

Alexis Lundh er leiar for Heltfri.net, eit arbeid av organisasjonen Tro & Medier (Foto: Helge J. Stautland)

— Å oppleva sår og djup sorg er noko dei fleste vil oppleva. Men svært mange manglar verktøy til å setja ord på det. Derfor ber ein gjerne på vond bagasje lenger enn ein treng i livet, fortel Lundh.

Den gode og den vonde bagasjen var tema då Alexis Lundh besøkte elevane på Lundeneset.

Tillitspersonar er mangelvare
— Vond bagasje kan vera vanskeleg å setja ord på. Eller me finn ikkje folk me har tillit til. Dette var vanskeleg då eg var liten, men har på ingen måte blitt enklare i dag, seier Lundh.

Til dagleg er Alexis Lundh leiar for organisasjonen HeltFri.net, og har vore fleire gonger på Lundeneset og snakka til både elevar og tilsette. Ofte er det når det tverrfaglege temaet «folkehelse og livsmeistring», frå den overordna delen av læreplanen, er på timeplanen.

Lundh trekkjer fram at den psykiske helsa til unge er blitt dårlegare. Dette meiner han heng saman med aukande skjermbruk:

— De som sit her i salen er og har vore digitale prøvekaniner. Korleis kan ein ta tak i denne bagasjen og sjå fram mot fridom?

— Mange unge i dag er heilt overlatne til seg sjølv. Ein blir stadig oppfordra til å finna ut kven ein vil vera. Eg skal ikkje påstå at eg forstår alt dette, men eg møter mange menneske som ikkje fiksar livet sitt. Gjerne vellukka unge folk. Dei har Tesla, godt betalte jobbar, og gjerne to mastergrader.

Henta fram den gode bagasjen
Lundh nemner også at ein del ungdommar påfører seg sjølv skade i tenåra. Det kan til dømes dreia seg om rus eller seksualitet.

— For å få rydda opp i slike ting, krev det at ein gjer aktive val, og me treng samtalepartnarar som snakkar ærleg og sant om dette.

For å betre kunna takla vond bagasje, er det viktig å bli bevisst på den gode bagasjen vår, ifølgje Lundh:

— Den gode bagasjen er ein del av grunnfjellet vårt. Den blir ikkje nødvendigvis rokka med, sjølv om me kan ha vond bagasje på toppen. Spørsmålet er korleis me kan henta opp noko frå grunnfjellet vårt.

— Det er nemleg slik at me må inn på grunnfjellet av kva me er for å forstå korleis vi skal leva liva våre. Skaparperspektivet er viktig å ha med seg. Me er skapt av Gud i hans bilete. Trass i kva du måtte føla på, eller har fått påført deg sjølv, så er du ein berar av Guds bilete. Me er kalla til eit liv i fridom, og me ønsker å vera fri frå skam, skuld, fri til å elska, leva og utfalda oss. Kristen tru er eit fantastisk utgangspunkt for å leva livet sitt i fridom. Hugs at Gud har designa deg for nærleik, trufastheit og kjærleik, og gitt oss sine rammer fordi han elskar oss tilbake, avslutta Alexis Lundh.