Dagen for glede og smerte

Per Skjæveland og Even Hye Tytlandsvik Barka er begge russ dette året. Per var ikkje nøgd med å komma opp i begge norskeksamenane. – Eg ville helst ha kome opp i  økonomi. Dette var nedtur, seier ein noko nedrulla blåruss frå Klepp.

Even, derimot, er nøgd med å ha kome opp i engelsk. – Internasjonal engelsk var eit av dei faga eg hadde lyst til å komma opp i, så dette var kjekt, smiler jørpelendingen.

No ventar dagar og veker med repetering og lesing for dei begge.

Eksamensperioden startar opp neste veke, og så går det slag i slag til skulen sluttar i juni. Muntlege eksamenar får elevane ikkje vita noko som helst om før 7. juni.

Publisert av
Kåre Vignes 2017-05-12 11:49:23

Merker
2020-2021
,
Skolestart
Del denne siden