Både kjekt, spennande og utfordrande å vera med på LVS-team, synest Victoria og Rebecca. (Foto: Live Pundsnes)

Blir utfordra i teamteneste

Det er avgangselev Victoria Yuen som seier dette. Ho er éin av rundt 25 elevar frå Lundeneset som dette året deltar på teamteneste på forskjellige stader i distriktet.

Ho er aktiv i eit gutelag i Vatlandsvåg for andre året på rad, og synest ho er heldig som får denne moglegheita:

– I løpet av tida eg har vore med på team har eg fått mange positive opplevingar, og sett kor viktig det er med kristent arbeid på plassar der det ikkje bur så mange kristne. For mange er dette livsforvandlande.

Fengselsbesøk
Rebecca Salvanes er med i eit team som ein gong i månaden besøker Sandeid fengsel.

– I fengselet snakkar me med dei innsette, arrangerer leikar og har møte, fortel Rebecca.

Hennar motivasjon for å vera med er å bidra med noko som kan vera til hjelp for andre menneske.

– I tillegg blir eg utfordra både i trua og elles. Eg synest det er veldig kjekt og lærerikt å vera med, sjølv om det var skummelt i starten.

Kristen tru i praksis
Ola Egeland er teamkoordinator i region sørvest av Misjonssambandet, og miljøarbeidar på Lundeneset.

Han meiner det å reisa i team er kristen tru i praksis:

–  LVS-team reiser rundt i lokalområdet rundt Lundeneset. Elevane er med i barnelag, innvandringsarbeid, fengselsbesøk og ungdomsklubbar. Me trur at det er viktig for barn og ungdom å høyra om Jesus i tidleg alder. Det å ha ein trygg og god plass å koma til er veldig viktig for mange. Det er kjempeflott at Lundeneset kan bidra med dette, seier Ola Egeland.

Nokre av elevane som er med på LVS-team går på studiespesialisering. Desse har praksis som ein del av undervisninga i kristendom, og då er det greitt å bruka LVS-team som denne praksisen.

– Det å hjelpa andre kan vera med å styrka trua og kanskje visa fleire kven Jesus er, påpeikar Ola.

– Ei lita utfordring er å få tilpassa alt til ungdommane sin travle skulekvardag, men det plar ordna seg, avsluttar Ola Egeland.