Utdeling av diplomar for gode resultat i Abelkonkurransen. Mathias var ikkje til stades under utdelinga. Foto: Anne Karine Stautland

Blant dei beste i landet

Dei sju elevane har delteke i den nasjonale Abelkonkurransen i matematikk som blir arrangert kvart år. Diplomane vart delt ut av matematikklærar Siv Heidi Eidsheim på skulesamlinga onsdag.

Johannes Brennsæter er blant den beste tidelen i landet og har kvalifisert seg for vidare konkurranse. Han fekk diplom for «Godt resultat og videre kvalifisering».

Sveinung Myhre, Mathias Hovda, Kristina Bjørheim, Sven Østebø, Mari Kristin Haukås og Edle Skeiseid er blant den beste tredelen i landet og fekk diplom for «Godt resultat».

Første runde i konkurransen bestod av 20 fleirvalsoppgåver som skulle løysast i løpet av 100 minutt.
Andre runde i konkurransen er 11. januar.