Bli betre kjend med to nye lærarar
Av Rakel Halleland
Erlend Nedrelid er 37 år og bur i byggefeltet i Ølensvåg. Han har før prøvd seg litt som lærar mens han studerte. Erlend har og jobba i forliksrådet i Bergen. Mens dei siste 9,5 åra har han jobba på omega i Ølensvåg.
— Å vere lærar har til no har vore spanande, kjekt og utfordrande i og med at eg startar med noko ganske nytt, seier Erlend.
Erlend har norsk, samfunn og sosialkunnskap som fag på skulen og får fram at han trivest veldig godt i klassane sine. Det at han starta å jobba på Lundeneset seier han er litt tilfeldig. Dei hadde behov for lærar, og han var open for nye utfordringar.
— Då blei det ein god match, legg han til.
— Kva vil dei største utfordringane ved å være lærar her?
— Den største utfordringa blir nok å klare å få ei spanande og underhaldande undervisning slik at alle synast det er kjekt, seier Erlend. Han legg og til at ein av dei vanskelegaste utfordringane blir å hugse alle namna på denne skulen.
Erlend er motivert for å vere lærar her, og ser fram til å bli betre kjend med både elevar og kollegaer på skulen. Forventingane han har til å jobbe her er at han vil få eit godt forhold til elevane på skulen, kjekt i skuletimane og at nokon kan få noko ut av det han lærer vekk.
Gjermund Håkonseth er 23 år og bur i Kristiansand, men pendlar fram og tilbake til Lundeneset. Før han starta på denne skulen har han studert journalistikk i tre år. Han har også jobba i NRK Sørlandet som journalist.
— Eg blei tipsa om å søkje på vikarstillinga som er her. Då gjorde eg det, og dei ville gjerne ha meg, seiar ein nøgd Gjermund.
No jobbar han 60% som lærar i norsk og kroppsøving. Og seiar han er ekstremt nøgd med denne rolla.
Gjermund seier at det har gått ganske fint å vere lærar her til no. Men som Erlend synast Gjermund og at det er utfordrande med det som er nytt. Det er mykje å setje seg inn i. Men til no synest han det har vore veldig lærerikt og kjekt
— Eg trur eg har fått to veldig fine klassar å jobbe med, og kollegaer som er innstilt på å hjelpe meg. Eg har berre gode intrykk, seier Gjermund.
Gjermund valde denne skulen sidan han som sagt blei tipsa om å søkje på denne skulen. Men han seier og at han har høyrt mykje om Lundeneset av personar i svigerfamilien sin som både har jobba og gått her. Inntrykket hans til denne skulen var fantastisk. Han har allereie lagt merke til det gode miljøet på denne skulen.
— Kva blir det kjekkaste ved å være lærar her?
— Det eg gler meg mest til er å vere med elevane, og sjå korleis dei utviklar seg fagleg. Eg gler meg spesielt til å ha gym med klassen min. Det likar eg enormt godt, seier Gjermund.
Gjermund og Erlend ser fram til fine tider på Lundeneset og gler seg til å kome seg endå meir inn i rollene sine som lærarar.
Saken er skriven som ein del av eit større avisprosjekt medieklassen på VG2 har jobba med den siste tida.