Elevstevne
Var du russ i 2021, 2016, 2006, 1996, 1986, 1976 eller 1966? Sett av datoen 14. mai!
Torsdag 14. mai (Kr. Himmelfartsdag) inviterer Lundeneset til nytt elevstemne. Alle tidlegare elevar er velkommen til stemne, og dei som er 5-, 10-, 20-, 30-, 40-, 50- og 60-årsjubilantar er spesielt velkommen.
Elevstemnet er ein triveleg dag med mange hyggelege gjensyn av både elevar og lærarar. God drøs og god mat kan me også lova. Jo fleire som kjem, jo kjekkare blir det!
Les meir om kva ein tidlegare elev seier om å delta å elevstemnet!
I tillegg til å treffa gamle vener, kan du sjå og høyra korleis det står til på Lundeneset no. Me er like før ein stor utbyggingprosess på tomteområdet vårt i nord, der det vil bli bygd meir klasserom og fleire nye internatbygg.
Program for dagen:
1300: Velkommen
1400: Festmiddag i møtesalen. Andakt, song og «livet på neset»
1700: Omvisning og samling i jubilantkull.
1930: Pizza. Sosialt for kvart kull utover kvelden.