Adventsfrukost

Tru mot tradisjonen, vekkjer vi elevane i starten av adventstida, for ein ekstra koseleg adventsfrukost. Det finst ingen betre morgon å vere elev på Lundeneset.

Likt resten av samfunnet tek vi våre forholdsreglar på Lundeneset. Så i år har elevane i forkant fått annonsert kva morgon adventsfrukosten skulle vere og kva kohort dei er med i, så vi også i julekosen ivaretek smittevernet. Og spritinga har etter kvart blitt second nature, som det heiter på god nynorsk. Men julestemninga er langt fra sprita vekk.

Husmor Sigrid fortel.

– Adventsfrukost er ein lang tradisjon. Den er viktig for elvane og oss tilsette! Det er ei enorm gleda å sjå elevane koma til frukost denne dagen. Her er julemusikk, servering av varm kakao og litt ekstra godt på buffeten. Det gjer stor oppmuntring til oss tilsette med så mange takksame elevar. Dei snakkar om dette utover heile dagen. Det er viktig å ha noko felles. Det er svært verdifullt og bind oss saman på ein god måte.

Fleire bilete frå adventfrukosten.

Tekst og foto: F. Sunnhordvik

 

Publisert av
Fredrik B. Sunnhordvik 2020-12-10 12:54:28

Merker
2020-2021
,
Skolestart
Del denne siden