Er menneskeverdet under press i dag?
Eit av spørsmåla Saugstad snakka om, er kven som kan bestemma at eit menneske har mindre verdi enn eit anna.
– På 1930-talet diskuterte dei i Stortinget om ein med lova i hand kunne sterilisera grupper av menneske. Alle utanom éin stemte for dette forslaget. I dag veit me at det synet fleirtalet hadde, var feil. Har dagens sorteringsdebatt endra seg mykje sidan 1930-åra, spurde Saugstad.
Sjølv ser han teikn som viser at mykje er likt framleis.
– Det er krefter i samfunnet som stadig vil gå vidare. Nokre tar til orde for at me skal ikkje berre sortera foster, men også av dei som allereie er fødd. Peter Singer, for eksempel, meiner me skal ha rett til å ta livet av små barn med alvorlege sjukdomar. Folk som han får stadig fleire tilhengjarar, også i Noreg.
Saugstad etterlyser etisk refleksjon rundt sortering av foster.
– Sortering etter ulike kriterium vil til slutt ramma oss alle, anten me er friske eller ikkje. Denne måten å tenka på har som føresetnad at samfunnet skal bli stadig meir effektivt, og då blir me til slutt alle ramma.
Saugstad lurte også på om elevane i salen visste kor mange barn som kjem til verda kvart år på verdsbasis:
– Kvart år får verda 135 millionar nye verdsborgarar. Samtidig veit me at det blir utført mellom 40 og 50 millionar lovlege abortar kvart år. Dette viser at det er noko som har gått veldig feil. Dette burde vore utgangspunkt for ein ny og fordomsfri debatt om abort, uavhengig av kva ein meiner om den norske abortlovgivinga, sa Saugstad.
Saugstad har forska på gjenoppliving av nyfødde i mange tiår, og har vore banebrytande i å få endra praksis frå bruk av rein oksygen, til bruk av vanleg luft. Ifølge NRK er han den barnelege i Noreg som er mest anerkjent og mest referert. Saugstad har også vore rådgjevar i spørsmål om barnedødeligheit for WHO. Saugstad er også oppteken av medisinsk etikk, særleg knytt til foster, spedbarn og bioteknologi. (Kjelde: Wikipedia).