Førebur seg på arbeidslivet
– Ei marknadsundersøking viste at dette var noko folk ønska, seier dagleg leiar Ragnhild Kallestad i Markd UB.
Ragnhild har med seg fire andre tilsette i designbedrifta: Espen Dirdal (økonomiansvarleg), Marielle Herje (PR- og designansvarleg), Camilla Tofte (personal- og salssjef) og Olina T. Vikre (produkt- og innkjøpsansvarleg).
– Å jobba i ungdomsbedrift er noko me lærer mykje av, her må me ta mykje ansvar sjølv. Sånn sett trur eg det førebur oss på arbeidslivet, seier Ragnhild, og får støtte av dei andre i bedrifta.
Forretningsplan og profil
Dei fire jentene går alle VG2 medieproduksjon. Espen går i VG2 service og samferdsel.
Det er ikkje lenge sidan dei starta opp ungdombedrifta, og akkurat no går det i forretningsplan og utforming av grafisk profil.
– I tillegg sel me andelsbrev slik at me kan få opparbeida oss oppstartskapital, forklarer Olina.
Dei fem trur dei har treft eit behov, sjølv om det finst opp til fleire andre aktørar med liknande idear.
– Me vil skilja oss ut med annleis design. Så har me eit ønske om å vera miljøvennlege, seier Marielle og Ragnhild.
– I tillegg viste marknadsundersøkinga at folk er opptekne av pris, legg Camilla til.
Økonomisjef Espen reknar med det blir litt å halda styr på etter kvart. – Men det skal gå fint, trur han.
Rekordmange ungdomsbedrifter
Dette skulåret er det etablert ni ungdomsbedrifter på Lundeneset. Til saman er 37 av yrkesfagelevane på VG2 med.
– Dette gir god yrkesfagleg fordjuping. UB fokuserer på læring ved erfaring, samarbeid og eige stillingsansvar står sentralt, seier faglærar Dagfinn Våge.
Han legg til at det også er viktig å læra å ta ansvar for nyskaping og bærekraftig utvikling. Produkta bedriftene satsar på varierer frå sal av miljøvennlege klede, til spel og appar på mobiltelefon.
Årets bedrifter på Lundeneset er:
- Floppen UB (PC-brett i tre)
- Koppen UB (kopp med indisk barneteikning)
- Markd UB (eige klesmerke)
- Nettet UB (handlenett av gjenbruksklede)
- Glemt UB (påminning om skuleoppgåver)
- Printed UB (skulegensar og årbok)
- Salmeputen UB (puter med motiv)
- Sapp UB (spel og app)
- Tellus UB (miljøvennlege klede)