Stabil søking til Lundeneset
– Me er godt nøgde med søknadstala, seier rektor Gustav Løge Fosse.
Den 11. mars var det registrert 302 førsteprioritetssøknader til Lundeneset. Dette er eit totaltal som gjeld VG1, VG2 og VG3. Talet frå i fjor såg omtrent likt ut, men i år er det ein liten nedgang i søknader til VG1, 28 færre enn i fjor.
VG1 medieproduksjon har 40 søkjarar mot 53 i fjor
VG1 service og samferdsel har 19 søkjarar mot 28 i fjor
VG1 studiespesialisering har 73 søkjarar mot 77 i fjor.
– Søknadstala i 2018 var særs høge på VG1. Me kunne likevel ønska at me hadde fleire førsteprioritetssøkjarar til VG1 service og samferdsle, uttalar rektor Gustav Løge Fosse.
Fleire VG2-søkarar
Fosse legg til at det er noko fleire søkjarar til VG2 dette året, særleg studiespesialisering. Til saman er det 17 fleire søkjarar til alle VG2-klassane.
– Også på påbygg opplever me ein liten auke, seier Fosse.
Svar undervegs
Første mars gjekk søknadsfristen ut, og førsteinntaket for skuleåret 2019/2020 har starta. Svarbrev frå skulen er no på veg til nye søkarar. Nokre vil få tilbod om plass, medan andre hamnar på venteliste. Etter at skulen har fått inn alle svara frå førsteinntaket, vil det bli sendt ut nye inntaksbrev til søkjarar.
Alle som har søkt om skuleplass kan forventa å høyra frå Lundeneset innan 20. mars. Har du ikkje det, kan du ta kontakt med skulen.
Arlene Pedersen understrekar at det framleis er mogleg å søka, og oppmodar dei som ikkje har fått plass endå til å ha litt is i magen.
— Fram til 15. juni blir dei som har søkt etter 1. mars prioritert bak dei som søkte innan fristen. Det er fortløpande inntak til ledige plassar utover våren og sommaren, så dei som er på venteliste for skuleplass har derfor framleis høve til å bli elev hos oss til hausten, avsluttar Arlene Pedersen.