Bak frå venstre: John Martin Næass (tilsett, og tidlegare elev) Håkon Brekkå (tidlegare elev og delvis litt tilsett) Gjermund Håkonseth (tilsett, men ikkje tidlegare elev) Erik Egeland (tilsett og tidlegare elev) Kristoffer H. Pedersen (tilsett og delvis litt tilsett av og til) Edle Skeiseid (noverande elev)

God gang i gymsalen

Sesongen er godt i gong, og det er laget til personalet som så langt ser ut til å vera sterkast dette året. Me tok ein prat med dei etter at dei nok ein gong hadde høvla over eit lag beståande av elevar.

– Etter at han var direkte involvert i to baklengsmål i første omgang, kjennest det godt at Håkon Brekkå scora med ei kanon i vinkelen frå ti meter i andre omgang, fortel Erik Egeland. – Me leia 2-0 etter kort tid, men så kom Håkon innpå og hadde eit par uheldige involveringar. Eg er glad han fekk revansj, og var med på ein herleg snuoperasjon i andre omgang. Egeland har sjølv vore elev på Lundeneset, men er no sjef på personallaget. – Eg vil nok seia at nivået på elevane var betre då eg sjølv gjekk her for eit par år sida, så eg er ganske trygg på at laget vårt kjem til å hala sigeren i land dette året, seier ein sjølvsikker manager.

LVS Premier League er i utgongspunktet organisert etter kva klasse folk går i, men etter kvart som overgangsvindauga åpnar, skiftar spelarar lag. Dette har mellom anna ført til at Edle Skeiseid, som går i tredjeklasse, har havna på lag med ein haug med tilsette. – Eg hatar å tapa, og dette er den sikraste måten eg kan vinna LVS Premier League på. Dessutan slår me laget til bror min, Lars. Han hatar å tapa endå meir enn meg, og slik sett blir dette ein dobbel siger for meg. Eg vinn Premier League, og bror min blir rasande, seier Edle.

LVS Premier league har sjølvsagt eit element av pengeinnsamling over seg. Det kostar laga pengar å spela kampar, og dei må betala overganggsummar for spelarar som byter lag. Alle inntektene går til russen sitt misjonsprosjekt.