Frå bibelgruppa til miljøarbeidarane Margrethe Sørbø og Erik Egeland (Foto: Margrethe Sørbø)

Populære bibelgrupper

Bibelgrupper har i mange år vore eit populært tiltak på Lundeneset. Annakvar måndag samlast 17 grupper i ulike heimar på Lundeneset og i bygda. 140 av dei rundt 190 elevane ved skulen prioriterer desse samlingane.

– Eg opplever at mange gler seg til bibelgruppemåndagen. Her får elevane samlast i litt mindre grupper enn i andre samanhengar, og det er rom for å spørje om noko ein til dømes ikkje skjønar heilt. Bibelen er sjølvsagt i sentrum, seier ungdomsleiar Eirik Løland ved Lundeneset.

– Kva opplegg blir nytta i gruppene?

– Mange nyttar bibelgruppeopplegget LEVENDE TRO som iTro har utarbeidd, nettsida preik.tv, eller studieopplegg for gjennomgang av bøker i Bibelen. Andre set opp tema og samtalar om temaet ut frå bibeltekstar, svarar Eirik.