Avslutningsfest i strålande sol. 
Foto: Kees A. Z. Fjellvang

Takk for i år!

I bunadar og andre festklede fekk årets elevar ei flott avslutning på skuleåret 2017-2018. På programmet stod blant anna helsing frå rektor, andakt ved Leon Dyngeland og song av russekoret. Dyngeland snakka om Jakob som i ein draum såg ein stige som var reist mellom jorda og himmelen.
– Hugs på denne stigen mellom Gud og menneska. Gud vil vera med deg, han vil ha kontakt med deg, minna Dyngeland dei frammøtte om.

Imponert
Årets russekull har engasjert seg for at menneske i Stor-Kina skal få ein betre kvardag, og under festen kunne dei overrekka ein sjekk på 950.000 kroner til NLM sitt arbeid i Stor-Kina.
Magnus Ånestad, tidlegare NLM-utsending til Kina, tok imot sjekken på vegner av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Han var imponert over arbeidet VG3-elevane har lagt ned for å hjelpa menneske i Kina, Hong Kong, Macau og Taiwan, og takka så mykje for gåva.
– 950.000 er mykje pengar som vil bety mykje for mange menneske, men vel så viktig er arbeidet de har gjort med å få ut informasjon om behova og arbeidet som blir drive, sa han, og la til at det er bruk for folk som vil bidra i desse landa.

Mange arrangement
Russen har stått på i løpet av året og arrangert blant anna basar, misjonsløp, Grand Prix, fotballturneringar og kollekt på torsdagsmøta på skulen. Pengane som dei har samla inn går til prosjekt innan bistand og utdanning, men også kyrkjelydsarbeid, evangelisering og diakoni. To av prosjekta som no får midlar handlar om hjelp til etterletne barn og barn med funksjonshemmingar.

I tillegg valde russen å overrekka ein sjekk på 50.000 kroner til Lundeneset.

 

Bileta frå dagen og festen er tekne av Kees A. Z. Fjellvang. (Om biletserien ikkje viser, forsøk å oppdatere sida).