Takk for dugnadsinnsatsen!
Ein dugnadsgjeng på 40 personar var i sving på Lundeneset første mai. Oppgåvetypane varierte frå oppryddingsarbeid etter vinteren, reparasjon av bilar, små gravejobbar, vask, maling og grøntarbeid.
– Dette er ein dag som betyr mykje for Lundeneset. Det er mange fordeler med å jobba saman slik som dette. Noko klarer ein ikkje å gjera åleine, medan andre oppgåver krev spesiell kompetanse. Men viss ein person skulle gjort alt dette, snakkar me fort to månaders arbeid, fortel Arne Voll, driftsleiar på Lundeneset.
Her kan du sjå bilete frå 1. mai (prøv å oppdatera sida dersom bilete ikkje viser).
Alle foto: Arne Voll.
