Nybygget i all si prakt (Foto: Helge Johan Stautland)

Nybygget offisielt opna

– Me er veldig godt nøgde med resultatet. Me har fått eit bygg som fungerer svært bra, seier rektor Gustav Løge Fosse.

Nybygget har vore i bruk sidan skulestart i haust, men det er først no skulen har hatt overtakingsmøte med dei ulike leverandørane. Sist veke vart overtakinga høgtideleg markert med ordførar, representantar frå entreprenørar, og nokre av dei tilsette tilstade. Rektor sjølv skar snora, deretter var det samling i den nye møtesalen der nokre elevar song, og det blei vist film frå bygginga.

Gustav L. Fosse skar snora då bygget vart offiesielt overteke i slutten av oktober (Foto: Kåre Vignes)

Gustav L. Fosse skar snora då bygget vart offiesielt overteke i slutten av oktober (Foto: Kåre Vignes)

– Etterpå var det middag med talar. Eg heldt takketale der eg gav eit tilbakeblikk på prosessen som starta for ganske nøyaktig tre år sidan, seier Fosse.

Ordførar Ole Johan Vierdal sa også nokre ord, og fleire av dei som har vore involvert i byggeprosessen uttrykte glede over å ha fått vore med på prosjektet.

Skryt frå fagmiljøa
– Korleis vil du oppsummera resultatet, Gustav?

– Det er ikkje tvil om at me har fått eit godt bygg, med møtesalen som ”krona på verket”. Det var denne som var hovudmotivasjonen for å gå i gang med bygging. Det er flott å sjå alle moglegheitene denne allereie gir oss i skulekvardagen, svarar Fosse.

Møtesalen er godt teknisk utstyrt, og har fått skryt frå fagmiljø på Haugalandet.

– Dei som har prosjektert lyd for konserthuset i Stavanger seier me er i same klasse. Lydfolk på Haugalandet seier vår møtesal er eitt av dei beste konsertlokala på Haugalandet. Det er ei fjør i hatten både til dei som har prosjektert og gjennomført, og sjølvsagt til oss som skule, fortel Lundenes-rektoren.

Og møtesalen har allereie blitt brukt til konsert, seinast i september då gruppa Kerysso vitja skulen.

Mediefag får utfalda seg
Fosse trekkjer fram utforminga av salen. Denne er også designa for å kunna nyttast inn mot mediefag:

– Skulemessig er det eit kjemperom. Her kan elevane få utforska og prøva seg på lyd, bilete, lys og scene.

Møtesalen får mykje skryt. Her frå overtakingsmarkeringa med ordførar og andre gjester tilstade. (Foto: Kåre Vignes)

Møtesalen får mykje skryt. Her frå overtakingsmarkeringa med ordførar og andre gjester tilstade. (Foto: Kåre Vignes)

– Heilskapsopplevinga av salen er god, det er lett å få med seg det som skjer. Me har lukkast med det estetiske, og får mykje skryt frå dei som er innom, legg Fosse til. Han trekkjer fram den avrunda sceneutforminga og veggane som døme på god estetikk.

Men også klasseromma og utvida av matsalen har gjort tilveret betre på Lundeneset. Den nye delen av matsalen har blitt eit populært område når elevane går til fellesmåltid.

– Lyd i klasserommet har vore eit tema no i byrjinga. Romma er godt lyddempa, og nokre har opplevd at dempinga har vore for god. Samtidig har lyddempinga gitt eit betre undervisningsmiljø, eg trur til dømes ikkje folk blir så slitne av høg og forstyrrande lyd. Me er i ein tilpassingsprosess for å få dette optimalt for flest mogleg, seier Fosse.

Nybygget er eit moderne tilbygg, som hentar energi til oppvarming frå fjorden like utanfor.

– Eg er spent på kor stor den økonomiske gevinsten blir her. Denne energikjelda skal også forsyna delar av eksisterande bygg med varme, forklarer Gustav.

Innanfor budsjett (nesten)
– Har skulen haldt seg innanfor budsjett?

 – Me landa rett i overkant av der me håpa me skulle landa, det vil seie 26 millionar pluss moms. Me er glade for at me tok ein runde på å kutta litt kostnader før me tok til med sjølve bygginga. Det gav oss ein buffer som det viste seg me trong. Men me føler ikkje me har fått eit dårlegare bygg på grunn av dette. Me har fått vår diamant, og slipt han endå finare i prosessen. Bygget har blitt flott, tilpassa omgivnadene med fjorden rett utanfor, svarar Gustav.

Han ser optimistisk på den økonomiske situasjonen, sjølv om det er ekstra krevjande å bygga noko som ikkje tilfører skulen noko i form av ekstra statstøtte. Dette fordi nybygget i seg sjølv ikkje gir rom for fleire elevplassar, og private skular ikkje får tilskott til skulebygg.

Rektor Gustav Løge Fosse med gåver frå kommunen og Omega. (Foto: Helge Johan Stautland)

Rektor Gustav Løge Fosse med gåver frå kommunen og Omega. (Foto: Helge Johan Stautland)