IMG_5394

Flukta til Sverige

Leif Grusd er 12 år, skulegut og bekymringsfri. Han er også jøde, og naboen heiter Vidkun Quisling. Ein dag gir mor hans beskjed om at dei skal flykta til Sverige. Livet i Oslo har blitt for farleg.

– Kan de førestille dykk korleis det er å flykte? Det er ikkje så enkelt som mange trur å berre bestemme seg for å reise. Mange hadde jo jobbar, hus og leilegheiter, og ansvar ulike stader. Det var mange som ville vente og sjå det an.

Leif Grusd er ein sprek mann på 96 år. Han er norsk jøde, og var 10 år då andre verdskrigen braut ut og Noreg blei okkupert. Torsdag besøkte han Lundeneset for å fortelja om sine opplevingar.

Forstod ikkje alvoret

– Då krigen kom til Noreg, vakna eg som vanleg opp i god tid for å gå på skulen. Eg trefte kameratane mine, og då vi nærma oss skulen, høyrde vi plutseleg korpsmusikk. Vi vart ståande, verkeleg fascinerte og imponerte over marsjerande soldatar. Då vi kom fram til skulen, fekk vi beskjed om å gå heim. Skulen vår var okkupert.

Men mor hans bad han dempe entusiasmen over å plutseleg ha fått ein dag skulefri. Ho forstod nok meir av alvoret.

Grusd er kanskje den eldste som har stått på talarstolen på Lundeneset nokon gong. Det er stilt i salen på Lundeneset når Grusd fortel. Han hugsar detaljar, og deler erfaringar som truleg ingen av oss som ikkje har opplevd krig og forfølging har tenkt på før.

At det å vera jødisk var eit særskilt problem, gjekk ikkje opp for han før krigen var godt inne i sitt tredje år.

– Vi høyrde historier, men trudde ikkje på dei. Vi vart jo forskjellsbehandla, måtte registrera oss, og vart fråtekne radioane før andre nordmenn. Vi høyrde til og med at jødar i Nord-Noreg vart fengsla og sende til Auschwitz. Men i sør tenkte vi: «Dette gjeld ikkje oss, berre dei der oppe». Så vi vart verande i Oslo.

Nabo til Quisling

Men på seinhausten 1942 demra alvoret. Og 12. november flykta Grusd, mora og søstera over til Sverige. I drosje til Kongsvinger, så til fots, og til slutt over 5 km med robåt. Faren hadde reist i førevegen.

Berre det å kome seg umerka ut av leilegheita var utfordrande. Dei hadde bestilt drosje, men det var jo ikkje tillate å dra nokon plass. I tillegg var naboen deira ingen ringare enn Vidkun Quisling sjølv, og det var mykje politifolk rundt. Men til svenskegrensa kom dei seg. Det var heile tida vanskeleg å vita kven dei kunne stola på, men på flukta fekk dei god hjelp av venlegsinna nordmenn og svenskar.

– I ettertid forstod vi at tyskarane hadde bestemt alt vinteren 1942 om kva som skulle skje med norske jødar. Dei visste berre ikkje når og korleis. Mange vart arresterte, og det hadde byrja å kome ut rykte. Men framleis var det mange som ikkje trudde på dette. Dei som ikkje tok inn over seg alvoret, vart sende til Auschwitz. Og eg hadde ikkje vore her dersom vi ikkje hadde reist då vi gjorde, og fått den hjelpa vi fekk undervegs.

Heimkomsten

I Sverige var familien i over to år. Då dei etter krigen kom tilbake til Oslo, opplever dei at leilegheita har vore kontor for nazistane, og er ikkje til å kjenna att. Men krigen er over, og dei er heime.

På spørsmål om kva han tenker om antisemittisme i samfunnet i dag, svarar Grusd:

– Ikkje i min fjernaste fantasi kunne eg tenkt meg at hat mot jødar, antisemittisme, skulle vera eit problem igjen, når ein såg korleis det gjekk med 6 millionar jødar under krigen.