VG1 på studietur
Vestlandet viste seg frå ei av sine bedre sider då VG1 besøkte Bergen og Sunnfjord etter påske.
Det er veldig kjekt å reisa på tur med alle tre førsteklassane i lag!
I Bergen lærte dei blant anna om nordsjøfarten under andre verdskrig og middelalderen i Bjørgvin. I løpet av opphaldet her blei det også klassevise bedriftsbesøk. IT og medieelevane besøkte NRK, salg og reiseliv var på besøk hos Fjordline, og studieelevane besøkte universitetsmuseet. Spennande teambuilding på Fangene på Fortet blei det også tid til ein av kveldane.
Vidare nordover mot Sunnfjord var det meir geografi som var i fokus, med besøk på blant anna bremuseet i Fjærland og overnatting i vakre Skei i Jølster.



























