Fulle hus

I år tel elevflokken heile 194 elevar. Dette er det høgaste elevtalet me nokon gong har hatt, seier fungerande rektor Håvard Brekkå.

Lundeneset hadde gode søkjartal i vår, så skulen var førebudd på at mange ville takka ja til skuleplass. Men ein viktig årsak til at blei ny rekord i år, er at det er fleire heimebuarar enn dei siste åra: – Me har 10 heimebuarar i år. Det er dobbelt så mange som i fjor, og det gjer at me kan fylla opp klassane endå betre, sjølv om internatet er fullt, fortel Brekkå.

Tre av desse heimbuarane er Lise Marie Steinsvik Hundhammer frå Ølen, og Alicja Czyrkun og Alexander Berge frå Ølensvåg. Alle tre er VG1-elevar, og synest skuleåret har vore kjekt så langt:

Alexander Berge (Ølensvåg), Lise Marie Steinsvik Hundhammer (Ølen) og Alicja Czyrkun (Ølensvåg) er ferske VG1-elevar på Lundeneset, og angrar ikkje på skulevalet. Foto: Helge J. Stautland

– Det var mest miljøet som gjorde at eg takka ja til Lundeneset, seier Lise Marie. Alicja og Alexander er einige. For Alicja betydde også programtilbodet ein del, ho ville inn på sal, service og reiseliv.

Elevane på Lundeneset kjem frå heile landet. I år er 11 av landets 15 fylke representert på skulen, frå Troms i nord, Innlandet i aust og Agder i sør. Men det store fleirtalet av elevane har heimeadresse i Rogaland.

– Det er veldig kjekt å oppleva at mange vil gå hos oss. Det er nok fleire ulike grunnar til at så mange vil gå på kristne internatskular. For mange er det det kristne verdigrunnlaget, medan andre ønsker å koma til eit trygt og godt sosialt miljø. Målet vårt er uansett å skapa god trivsel og mykje læring for kvar enkelt elev, understrekar Brekkå.

I vinter søkte Lundeneset om å få utvida med eit nytt utdanningstilbod innan helse og oppvekstfag. Skulen ønsker å tilby eit treårig løp der elevane får studiekompetanse, men framleis har moglegheit for å gå ut i lære etterpå dersom dei ønsker det. Eit slik utviding betyr også at skulen må utvida med fleire klasserom og internatbygg, noko dei er i full gang med å planleggja.

– Søknaden ligg framleis på Utdanningsdirektoratet sitt bord. Me ventar på svar, og håpar på godkjenning før jul. Planen er å koma i gang med helse og oppvekst frå hausten 2027, avsluttar Håvard Brekkå.

 

 

Publisert av
Helge Johan Stautland 2025-10-02 11:02:13

Del denne siden