Fotball, pengar og engasjement for misjon
I Premiere League-turneringa til Lundeneset handlar det ikkje berre om å vinna, men også skaffa pengar til misjonen. Med eit resultat på 163.000 kroner i fjorårets sesong, er det ingenting som tyder på at iveren er i ferd med å gi seg i år.
– Denne turneringa er heilt rå – tenk at folk kan få høyra om Jesus ved at elevane spelar fotball!
Sitatet kjem frå Håvard Vistnes, Lundeneset sin Premiere League-general skuleåret 2023-24.
– 163.000 kroner klarte me å samla inn i fjor. Heilt vilt! Førre rekord var på 90.000 kroner. Det er så mange som er engasjert. Mange er med og sponsar; foreldre, familiemedlemmer, elevane sjølv, bedrifter.
Oppslutninga dette skuleåret også god. Kvar tysdag gjennom vintersesongen blir det rigga for kampar i gymsalen på skulen.
Eigen valuta
–
Forklar korleis dette fungerer!
– Lundeneset Premiere League (PL) er ein liga der pengar er sentralt. Me har ein eigen valuta: PLK. Éi norsk krone svarar til 50 PLK. Alle laga startar med 30.000 PLK i startkapital, og alle må betala ei spelaravgift. Men for å klara seg i ligaen treng ein meir PLK, og det er her innsamling blir viktig, forklarer Håvard engasjert.
Kvar klubb i ligaen har eigen manager. På faste tidspunkt i turneringa er det overgangsvindauge, der spelarar blir selt og kjøpt. Laga er i utgangspunktet organisert etter klassar eller trinn, pluss eit eige personallag. Men etter fleire overgangar kan laga sjå ganske så annleis ut enn det som var utgangspunktet i starten.
– Ein heilt grei spelar kostar fort 40.000 PLK. Når det er overgangsvindauge, skjer det noko heile døgnet. Folk går og tenker på kven dei skal kjøpa, snakkar om det i matsalen, og spelarar signerer for nye klubbar. Du merkar fort når det er tid for overgangar, forklarer Håvard.
Leik, moro, og litt alvor
Kvar veke frå november til mars blir det rigga til kampar. Tre kampar kvar kveld. Dette er jo leik og berre gøy. Eller er det det?
– Det blir fort alvor! Folk er jo glad i å vinna, og legg ned ein skikkeleg innsats med å skaffa mest mogleg pengar. Ein av elevane skal visstnok ha ønskt seg PLK til jul! Alle veit jo at pengane går til misjonen, og då blir det ekstra kjekt å koma vidare, seier Håvard.
Folk fyrer seg ganske bra opp på tribunen også. På ein vanleg spelekveld er stemninga til å ta og føle på i gymsalen. I forkant er det mange hender i sving. Tribune skal riggast, kiosk skal setjast opp, ligaen har eigne banner som skal monterast, og banen skal gjerast klar. I tillegg blir det heile live-streama, slik at folk som sponsar utanfrå kan følga med, anten dei er heime eller andre stader. LVS PL er russen sitt eige initiativ, og har eit eige styre: Lundeneset Football Association (LFA).
– LFA tar avgjerdene. Dei dømmer kampane, oppdaterer Facebook-sida og lagar kampoppsett. I tillegg er det ein del PR og grafisk, slik at me får eit proft visuelt uttrykk. Etter kampane er det resultat og statistikk, toppscorarlister med meir. Alt dette gjer at det blir eit stort engasjement også utanom kampen, det er enkelt for folk å følga med.
Unik liga
LVS PL såg dagens lys i 2013. Nokre av elevane kom på ideen sjølv, og sidan har turneringa gått av stabelen kvart år. Til og med under covid, men då utan publikum.
– Kva betyr PL for Lundeneset, trur du?
– Dette er god marknadsføring. Faktisk var dette ein av grunnane til at eg begynte på Lundeneset sjølv. Eg følgte med på kampar på Facebook-sida. Eg veit også om andre som begynte av same grunn, svarar Håvard.
Han legg også vekt på at PL er ei sosial greie. Mange miljøtiltak og arrangement på Lundeneset føregår i helgene, men PL skjer på heilt vanlege tysdagar. – Då er det ikkje så mykje anna som skjer. Elevane har eit fast programinnslag, og har ein stad å vera.
– Eg veit ikkje om andre skular som har dette på same måte som oss, så dette trur eg er unikt for Lundeneset. Det er ganske vilt at me får inn så mykje pengar kvart einaste år gjennom fotballen.
– Kven vinn?
– Personallaget vann sist sesong. Men elles er det nok VG2 studiespesialisering som har vunne flest gonger, avsluttar Håvard Vistnes.