IMG_9923

Nyttårsmøteveke

For snart 25 år sidan tok Simon Morris i mot Jesus heime i Wales.


− Lundeneset er ein fin plass å komma til. Det har vore gode møte desse dagane. Elevane her er veldig venlege, helsar med eit smil og er interessert i ein prat. Det har vore gode tilbakemeldingar på samlingane, fortel Simon Morris.

Simon Morris har hatt fire møter på Lundeneset i januar. Her frå avslutningsmøtet torsdag (Foto: Daniel E. Fredly)

Morris er første møteveketalar i 2025, og var klar på talarstolen allereie første kveld etter at elevane kom tilbake etter nyttår. Waliseren er forkynnar i Misjonssambandet i 30 prosent, og jobbar elles som ungdomsarbeidar på Vestborg vgs på Sunnmøre.

− Det har vore mange elevar på møta kvar kveld. Det er fint å sjå at dei har god tid, mange blir igjen, blar i biblane, sit og snakkar om trua si. Dette er ikkje noko du ser så mykje av på andre skular. Eg har også hatt nokre gode samtalar med enkeltelevar, seier Morris.

På samlingane på Lundeneset har han blant anna snakka om kva sanning er i møte med ulike livssyn og religionar, og kva det vil seia å vera etterfølgar av Jesus. På det siste møtet talte han ut i frå Matteus 16, der det står om når Jesus tek læresveinane til sides og stiller dei spørsmålet: Kven seier de at eg er?

Simon Morris kom til Noreg for første gong i 2005. Då gjekk han bibelskule i Storbritannia, og hadde praksis i Kristiansand. Etterpå blei han verande i Noreg i tre år, før han flytta heim igjen. Men i 2017 kom han tilbake, denne gong til Vestborg og Stranda. Og der er han framleis.

Ropte til Gud

Morris er tydeleg på at det er eit før og etter i livet hans:

− Eg blei kristen i år 2000. Då var eg 30 år. Men det var resultatet av ein prosess som varte i tre år. Eg kom frå ein fotballkultur der det var mykje alkohol, narkotika og fest. Eg var ikkje nøgd med livet, følte det var tomt. Eg hadde ikkje vakse opp med Jesus, og hadde ikkje ei kyrkje eg gjekk i, sjølv om familien min av og til gjekk på gudsteneste. Ein kveld ropte eg likevel til Gud på soverommet mitt: «Gud, hjelp meg til å forstå kven eg er».

Og Gud svarte Simon. Han fann etter kvart ein bibel som han starta å lesa i, litt kvar dag. Men framleis hadde han ein fot i festkulturen i fotballmiljøet.

− Det var berre eg som visste om bibellesinga mi. Etter kvart byrja eg også å be litt, såg på talar på TV. Gjennom desse dukka det opp eit direkte spørsmål: Kva skal du gjera med Jesus. Dette spørsmålet brann i hovudet mitt eit par år. Eg byrja å tenka: Skal eg bli kristen? Nei, det er rart. Me lo av kristne på skulen då eg vaks opp. Men spørsmålet var der kvar dag. Eg forstod etter kvart at eg trengte frelse frå synda i livet mitt.

11. oktober 2000 gjekk Simon til kyrkja der han budde, og fekk ein prat med presten. Seinare samme kveld deltok han på eit møte i kyrkjelyden.

− Den natta sov eg veldig godt. Og då eg stod opp neste dag merka ein god fred i hele meg. Eg forstod at og merka at Gud og hans kjærleik var veldig nær. Det neste halve året blei radikalt forvandla for meg. Eg fekk eit nytt hjarte av Gud, avsluttar Simon Morris.