IMG_9812

VG2 IT godt i gang

Hausten 2024 såg eit nytt studietilbod dagens lys på Lundeneset: VG2 informasjonsteknologi.

Frå før har Lundeneset berre tilbydd medieproduksjon i VG2 for dei elevane som har gått VG1 IT og medieproduksjon. Men frå og med hausten 2024 tilbyr skulen også informasjonsteknologi i VG2. I oppstartsåret er det fem elevar som har valt denne retninga.

– Eg hadde lyst til å jobba med IT seinare i livet, kanskje innan driftsstøtte eller utvikling. Derfor var det naturleg for meg å velja dette studietilbodet, fortel Filip Andres Fossner (17) frå Trøgstad i Østfold. Sjølv om han ser føre seg eit yrkesliv innan IT, er han litt usikker på om han vil gå vidare som lærling med det første.

Det han likar best med tilbodet er dei interessante læremetodane, og at det er eit veldig praktisk fag. Og hyggelege lærarar, ikkje minst.

Elevane som vel informasjonsteknologi i VG2 har sine eigne programfag, medan fellesfaga er saman med dei jamnaldrande som går medieproduksjon.

Verdifull erfaring

Filip har god oversikt over kva som skal lærast dette skuleåret: – I faget driftsstøtte lærer me til dømes å konfigurera og drifta eit datanettverk og setja opp ein PC. Brukarstøtte handlar om korleis me kan hjelpa folk, medan det å kunne koda er eit sentralt element i faget utvikling, seier Filip.

Faglærar John Martin Næss meiner studiet er ideelt for dei som er interesserte i teknologi og problemløysing.

Frå haustferien og fram mot påske skal Filip og dei fire andre elevane i klassen vera utplassert i bedrift ein skuledag i veka.

– Gjennom praktisk arbeid får du erfaring med feilsøking, feilretting og oppsett av nettverksløysingar. Praksis i IT-bedrift gir elevane verdifull erfaring frå arbeidslivet, forklarer John Martin.

Han meiner utdanninga på Lundeneset er knytt tett opp til dagens verkelegheit i IT-bransjen: – Me har eit sterkt fokus på  å erfaring og relevant kompetanse som er etterspurt i dagens arbeidsmarknad, fortel John Martin.

Attraktivt for framtida

– Lundeneset har ei stund vore i ein prosess der me har vurdert framtidig tilbodsstruktur. Det er i dette arbeidet me har sett at VG2 informasjonsteknologi er eit alternativ som me trur vil vera attraktivt for elevar i tida framover, opplyser rektor Gustav Løge Fosse.

Eit ekstra løp i VG2 har ført med seg at klasseromsbehovet har blitt større. Sommaren 2024 blei det gjort ei ombygging på klasseromsbygget som løyste denne utfordringa. I tillegg treng ein sjølvsagt kvalifiserte lærarar og eigna utstyr.

– For Lundeneset handlar dette om at me ønsker å utrusta til behova samfunnsutviklinga gir oss. Me har hatt ein god dialog med næringslivet i regionen vår. Desse er på tilbodssida både når det gjeld samarbeid og deling av kompetanse, forklarer Fosse.

IMG_9772
IMG_9789
IMG_9762
IMG_9778
IMG_9793
IMG_9803