Spennande studieturar
Veka før påske var VG3-elevane på studietur til Vest-Europa og Skottland.
Gjengen som reiste til Vest-Europa hadde base i Brüssel, med utflukt til Paris ein av dagane. Mot slutten av turen reiste dei med tog til London, der dei var ein dag før retur til Stavanger.
Elevane som hadde Skottland som mål, fekk med seg tre byar og mykje flott natur. Turen starta i Inverness og det skotske høglandet, før reisa gjekk vidare til Edinburgh. Siste dag på turen blei brukt i Aberdeen
Felles for begge turane var mykje spennande innhald, litt kjølig og til dels fuktig europeisk vår, triveleg reisefølge og sosialt fellesskap.
Sjå kjekke bilete frå turane her! (Foto: John Martin Næss, Kees A. Z. Fjellvang)
[ngg src=»galleries» ids=»23″ display=»basic_slideshow» gallery_width=»1500″ gallery_height=»1000″]