Foto: Kees A. Z. Fjellvang

Gode søkartal til Lundeneset

Søkinga til Lundeneset er stabilt god, om lag på nivået med fjoråret. Totalt er det 149 søkarar til VG1. Hugs at det framleis er mogleg å søka!

Til saman har 298 ungdommar søkt skuleplass på Lundeneset, anten som første, andre eller tredjeprioritet. Talet for 2021 var 301.

Flest til studiespesialisering
Det er VG1 studiespesialisering som flest ungdommar søker seg til, her er det totalt 97 førsteprioritetssøkarar. Også dette talet er omtrent som i 2021. Før dette måtte ein heilt tilbake til 2015 for å finna liknande høge tal. Men studiespesialisering har berre 33 plassar, så det er berre ein tredjedel som får tilbod om skuleplass.

Tala for VG1 yrkesfag ser slik ut: 31 elevar har søkt service og reiseliv, 21 elevar ønskjer plass på IT og medieproduksjon. Desse klassane har 18 plassar kvar.

Påbygg, som har 30 plassar, har 38 søkarar.

Framleis mogleg å søka
Måndag etter vinterferien starta utsending av svarbrev til søkarane. Alle som har søkt innan fristen kan forventa å få svar før 21. mars. Nokre vil få tilbod om plass, medan andre hamnar på venteliste. Svarfristen er sett til 1. april.

Etter at skulen har fått inn alle svara frå førsteinntaket, vil det bli sendt ut nye inntaksbrev til søkarar.

— Vidare utover våren er opptaket fortløpande, så det er framleis mogleg å søka skuleplass, understrekar undervisningsleiar Arlene Pedersen.