IMG_0057

Skal nå berekraftmål

– Dette er ein konkurranse arrangert av Ungt Entreprenørskap og Vår Energi. Me har meldt på 20 grupper, og føremålet er å setja i gang kreative prosessar hos elevane. Dei skal koma på idear, velga idear og bearbeida desse. Heilt til slutt skal dei koma fram til eit konkret løysingsforslag, seier studieleiar Mari Hetland Sunde ved Lundeneset.

Papirfly og berekraftmål

Måndag gjekk startskotet for gruppene på Lundeneset. Som oppvarming fekk dei ei øvingsoppgåve i kreativitet, der alle gruppene skulle laga papirfly. I forkant måtte dei tenka marknadsføring, laga logo og slagord. Til slutt skulle papirflyet produserast og testflygast.

Papirflyproduksjon, med utarbeiding av slagord, logo og testflyging (Foto: Helge Johan Stautland)

Mari Hetland Sunde motiverer elevane på innovasjonscamp. (Foto: Helge Johan Stautland)

– Resten av veka skal elevgruppene arbeida med eitt eller fleire av FN sine berekraftmål, og prøva å finna ei løysing på det. Det kan til dømes dreia seg om å utrydda fattigdom, forklarer Sunde

Dei må jobba effektivt den tida dei har til rådvelde. Sluttproduktet eller ideen skal leggast fram for eit dommarpanel i slutten av veka.

– Eit viktig mål med dette opplegget er få elevane vekk frå «fasit»-tankegangen. Ingen har rett, ingen idear er dumme. Men alle idear må bearbeidast, seier Sunde.

Tverrfagleg

Dommarpanelet, som består av representantar frå næringslivet lokalt i kommunen, kårar ein vinnar på fredag. I tillegg kan fem av gruppene bli valt ut som representantar til ein superfinale. Vår Energi kan velja av nokre desse fem som går vidare til ein større finale i Stavanger.

– Opplegget er tverrfagleg. Berekraftig utvikling har blitt ein stor del av læreplanen, noko som betyr at det kan knyttast opp mot læreplanen i alle fag, på alle trinn, avsluttar Mari Hetland Sunde.

[ngg src=»galleries» ids=»21″ display=»basic_slideshow» gallery_width=»2000″]