Lagar interiør av rekved og oljefat
– For oss var berekraft viktig, derfor valde me å satsa på denne forretningsideen, seier David Nygård, dagleg leiar i ungdomsbedrifta Pali. – Det er dessutan kjekt å laga noko eige, legg han til.
Ungdomsbedriftene i VG2 yrkesfag på Lundeneset er godt i gang, og i år er det til saman sju bedrifter i sving. I planleggingsfasen må dei tenka på forretningsplanar, produksjon, økonomi og målgrupper.
– Det har vore ein lengre prosess med ideutvikling og planlegging no i starten. Det er no me byrjar på ordentleg. For Pali UB er målgruppa damer i 40-årsalderen. Dei er opptekne av interiør, så det er dei me ser føre oss som kjøparar av produkta. Me har ikkje lov å bruka eigne elevar internt på Lundeneset som målgruppe, seier Daniel Elias Fredly, økonomiansvarleg i Pali.
Med seg i bedrifta har dei Daniel Sørskår (produksjonsansvarleg), Malene Arnesen (marknadsansvarleg), Julie Pettersen (berekraftsansvarleg), Maren G. Tungland (personalansvarleg) og Klara M. Fredly (administrasjonssjef).
Ei anna av bedriftene på Lundeneset dette året, heiter Tønnå UB. Som namnet indikerer, arbeider dei med tønner. Tomme oljefat og andre tønner.
– Me jobbar med tønnene og gjer dei om til stolar og bord. I dag er det kapping og skjering med vinkelslipar som står på programmet. Deretter må me polstra kantane med gummilister, forklarer Sander Kjølvik, dagleg leiar i ungdomsbedrifta.
I neste runde skal stolplate på, det skal pyntast med puter og skinn, og tønnene får seg ei overflatebehandling.
– Målet vårt er å selja i overkant av 20 stolar. Bord kjem i tillegg dersom folk ønskjer det, seier salssjef Håkon Svendsen.
Bedrifta har allereie fått signal frå fleire som er interesserte i produkta:
– Mange er interesserte, men me har ingen konkrete ordrar enno. Me har heller ikkje starta å ta i mot bestillingar, forklarer Christian Åreskjold, produksjonssjef. – Me har god kapasitet, og kan produsera heile året dersom interessa skulle visa seg å bli stor, legg han til.
I tillegg til desse tre er Hanne Elise Vik, Nora Eikehaugen og Lilly Eidesvik med i UB-en.
[ngg src=»galleries» ids=»17″ display=»basic_slideshow»]