Sprang inn over 900.000
– Eg er svært stolt over resultatet! Pengane russen samlar inn i år går til ei kyrkjearbeid i Japan, spesielt det kristne, evangeliske barne- og ungdomsarbeidet, samt utdanning for unge, fortel prosjektsjef i russen, Ragnhild Kallestad til lokalavisa Grannar.
I eit misjonsløp må kvar enkelt skaffa seg sponsor, og som sponsor bidreg du med rundebeløp eller fastbeløp. Løparne spring ei løype på 650 meter, og held på i halvannan time. I år var det 159 deltakarar med i løpet.
Ifølgje Grannar sprang Joakim Gaudland, Simen Løge og Thomas Gjerde alle 32 rundar kvar (nesten 21 km). Olena Byberg og Stina Lunde sprang 27 rundar kvar (nesten 18 km).
Sjå biletserie frå løpet på russen si eiga Facebook-side
Foto: G. Knutsen, I. Martinussen og M. Herje (Lundenesrussen 2021)