Internat 150-s og personalbolig 13 har fått nytt navn; 300-s. Det blir to deler, 300 Vest og 300 Øst. Bak hver inngangsdør er det foreløpig 6 rom og 10 sengeplasser.

Pussar opp internat

For eit par år sidan blei halvparten av den eldste tomannsbustaden gjort om til internat på Lundeneset. No blir også den siste halvparten klargjort til bruk av elevar.

– Me har gjort ein del endringar i begge bustadene. Nokre store rom er delt av slik at det blir plass til fleire, me lagar nye internatrom og bad i kjellaren i den eine bustaden, og så lagar me nye bad i begge hovudetasjane, fortel driftsleiar Arne Voll.

Etter kvart vil til saman 20 elevar få «adresse» på det som blir heitande 300-serien.

– Ein del av dei store stovene i desse tidlegare personalbustadene blir gjort om til dobbeltrom. Det blir likevel eit romsleg og bra fellesrom med stove og kjøken begge stader, forklarer Voll.

Lundeneset førebur også eit større oppussingsprosjekt. Snart skal nemleg den gamle 200-serien (over hovudbygg) totalrenoverast. I desse korridorane er det i dag mange dobbelrom, og det er verken dusj eller toalett på romma.

(Foto: Arne Voll)