Unge innovatørar
Denne veka er 180 elevar på Lundeneset på innovasjonscamp. Mål: Finna gode konsept og produkt som kan løysa FN sine bærekraftmål.
– Det har stort sett vore interessant så langt, seier Jan Elias. Han får støtte av gruppekollegaene Julian og Nickolai. Alle tre er elevar i VG1 IT og medieproduksjon.
Akkurat no arbeider dei tre med namn og logo til konseptet sitt. Sjølve ideen deira skal me ikkje røpa her, men dei har valt å fokusera på helse, aktivitet og fritid.
– FN treng vår hjelp
– Eg tenker at dette handlar om at FN treng vår hjelp. Me er unge og kan hende meir kreative. Me er framtida, og me må tenka på kva som er best for oss sjølv, seier Nickolai.
Sjølv om alle gruppene til slutt i veka skal koma fram til ein ide eller konsept, er det ikkje minst dei kreative prosessane som er viktige på innovasjonscamp.
– Dette er ein god måte å tvinga fram smarte løysingar. Når me arbeider slik ei veke, tenker eg ikkje først og fremst på at dette er noko eg må fullføra, men at me jobbar med ein ide me har, seier Julian.
– Dersom mange tenker, kan det dukka opp mange gode idear, legg Jan Elias til.
Næringslivet lyttar
Ingen av elevane har vanleg klasseromsundervisning denne veka. Den ordinære timeplanen er sett på vent for at elevane skal utforska og finna løysing på globale utfordringar. Det er Ungt Entreprenørskap (UE) og olje- og energiselskapet Vår Energi som står bak konseptet innovasjonscamp. Årets problemstilling fokuserer på følgjande: Dei 17 bærekraftsmåla FN har formulert, samt det å ha to tankar i hovudet samtidig. Det er nemleg vanskeleg å finna løysingar som er gode for alle samtidig. Det vil ofte gå ut over noko eller nokon.
På Lundeneset er over 40 grupper er i gang. I slutten av veka skal ideane presenterast for eit panel frå næringslivet. Dei beste bidraga går vidare til finale i Stavanger seinare i vinter.
Innimellom ideskaping og gruppearbeid har elevane hatt fellesopplegg og føredrag i møtesalen. Dei tre medieelevane er klare på kva som har vore mest nyttig:
– Gruppearbeidet har vore det kjekkaste. Nokre av føredraga er litt keisame, det er tema me har høyrt ein om før, meiner dei tre.


