Inntaksreglement – skole

Lundeneset VGS AS (Lundeneset) er ein friskule med godkjenning etter Lov om frittståande skolar med rett til statstilskot (friskolelova). Dette inntaksreglementet har difor utgangspunkt i det friskolelova seier om inntak av elevar jfr. friskolelova § 3-1.

1. Generelt om inntak

Som friskule har Lundeneset heile landet som inntaksområde, og skolen er open for alle søkjarar som fyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentlege skolar (jfr. friskolelova § 3-1 første ledd) og som har rett til vidaregåande opplæring jfr. opplæringslova § 3-1.

2. Søknad

a) Søknadsskjema

Søknaden skal skrivast på skulen sitt eige søknadsskjema og sendast skulen. Vitnemål/karakterutskrifter o.l. som skal leggjast til grunn ved inntaket, skal liggje vedlagt eller bli ettersendt når dei føreligg.

Elevar som søkjer gjennom VIGO må ettersenda tilsvarande skjema og dokumentasjon før inntak kan skje. Skulen held av plassar til VIGO-søkjarar i første inntak, slik at dei har same vilkår som dei som søkjer direkte.

b) Søknadsfrist

Søknadsfrist for å vere med i det første inntaket er 1. mars, eller likt med dei fylkes-kommunale fristane. Etter denne fristen behandlar skulen søknader fortløpande dersom det er ledige plassar.Søkjarar som søkjer etter søknadsfristen blir fram til 15. juni prioritert etter søkjarar som søkjer innan søknadsfristen. Søknadsfrist for inntak på særskilte vilkår (sjå punkt 3a) er 1. mars.

c) Delkurselev

Søkjarar kan bli tatt inn som delkurselevar dersom dei har nødvendig fagleg grunnlag og dersom det er plass på kurset. Søkjarar til Vg4 påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse (23 timarskurset) blir rekna som delkurselevar.

d) Minoritetsspråklege søkjarar

Søkjarar med minoritetsspråkleg bakgrunn som har ungdomsrett i Norge, blir rekna som ordinære søkjarar dersom dei har denne statusen hos inntakskontoret i heimefylket. Har dei ikkje det, kan heller ikkje Lundeneset VGS tilby skuleplass. Vi viser då til basisgrupper, introduksjonsprogram e.l. i heimefylket.

e) Dokumentasjon

Søkjarar til vidaregåande trinn 1 (Vg1):

Søkjaren må dokumentere gjennomgått 10-årig grunnskole eller tilsvarande. Inntak før 15. juni skjer på grunnlag av karakterar frå 1. halvår (+ karakterar i avslutta fag frå 8. og 9. klasse). Etter 15. juni blir ventelista oppdatert ut frå innsendt vitnemål når dette har høgare poengsum enn halvårskarakterane.

Søkjarar til vidaregåande trinn 2 og 3 (Vg2 og Vg3):

Søkjaren må leggje fram kompetansebevis/stadfesting på at nødvendige programområde er fullført, i samsvar med læreplanane. Inntak før 15. juni skjer på grunnlag av karakterar frå 1. halvår (inneverande år). Søkjarar som har hatt pauseår e.l. må leggje fram halvårskarakterar og standpunktkarakterar frå siste skuleår. Frå 15. juni blir inntak gjort på grunnlag av karakterar etter 2. halvår (halvårskarakterar eller standpunktkarakterar). Skulen tar atterhald om at den endelege karakterutskrifta/kompetansebeviset viser bestått og fullført. I tillegg kan ein søkjar som i Vg1 eller Vg2 ikkje har bestått eitt eller to fag likevel takast inn som elev dersom det etter intern vurdering på skulen er dokumentert at søkjaren har dei kunnskapane og den dugleiken som er nødvendig for å følgje undervisninga.

Søkjarar til Vg3 som har tatt Vg2 i utlandet må leggje fram karakterutskrift for Vg1 (jfr. punkt 3 g andre ledd).

3. Prioritering av søkjarar ved eventuell oversøkning

Dersom skulen har fleire søkjarar enn det skulen har plassar/kapasitet til å ta inn, vil følgjande prioriteringsgrunnlag bli lagt til grunn for inntaket i oppsett rekkefølgje:

a) Inntak på særskilte vilkår

To plassar pr. klasse på Vg1 blir sett av til eventuelle søknader på særskilte vilkår (til eitt av søkjarens prioriterte utdanningsprogram) der søkjaren

  • legg ved dokumentasjon på innvilga spesialundervisning på 10. årstrinn, eller
  • legg ved dokumentasjon frå lege, psykolog, barnevern, PPT eller tilsvarande på psykososiale problem som gjer at det er viktig å gå og bu på internatskule generelt eller på Lundeneset VGS spesielt.
  • er minoritetsspråkleg, oppfyller krava under punkt 2 d), men har ikkje gått 10. klasse i norsk skule.

Dersom det 1. mars ikkje er nok aktuelle søkjarar på særskilte vilkår til å fylle desse plassane, blir dei fylte opp av søkjarar til ordinært inntak. Skulens ressursteam* avgjer om ein søknad oppfyller vilkåra for behandling på særskilte vilkår. Dersom skulen mottar fleire søknader på særskilte vilkår enn dei nemnde plassane, blir rekkefølgja avgjort ved loddtrekning. Søkjarar som ikkje får plass etter denne regelen (punkt 3a) blir overført til det ordinære inntaket, men står samstundes på venteliste til særskilt inntak så lenge dei ikkje har fått plass.

Vedtak om inntak på særskilte vilkår gir òg rett til inntak påfølgjande år (Vg2) når det gjeld yrkesfaglege utdanningsprogram og to påfølgjande år (Vg2 og Vg3) når det gjeld utdanningsprogrammet studiespesialisering. Ein føresetnad for denne retten er at eleven har dette valet som 1. prioritet på søknaden i Vigo. Dersom heimefylket til eleven gjer vedtak om utvida opplæringstid, vil eleven få tilsvarande utvida rett til inntak.

I spesielle tilfelle kan ressursteamet avgjere at ein søkjar til Vg2 eller Vg3 som er elev på Lundeneset VGS frå før, kvalifiserer til inntak på særskilte vilkår sjølv om denne eleven ikkje var kvalifisert til dette føregåande skuleår. Søkjar må då leggje fram dokumentasjon frå lege, psykolog, barnevern, PPT eller tilsvarande.

b) Misjonærbarn

Eventuelle søkjarar som det aktuelle året har foreldre i aktiv utanlandsteneste (t.d. misjonærar) for ein kristen misjonsorganisasjon eller som av same grunn har gått 10. klasse i utlandet blir prioritert før andre søkjarar. Ein føresetnad for dette er at søkjaren har fullført og bestått på nivået under det ein søkjer på. Dersom det skulle bli fleire slike søkjarar enn det er plass til i ein klasse, blir det laga prioriteringsliste ut frå dei andre kriteria under punkt 3.

c) Vg2 i utlandet

Inntil to elevar på Vg1 studiespesialisering kan få løfte om inntak på Vg3 studiespesialisering i samband med utdanning i utlandet på andreåret. Kven som skal få løfte blir prioritert ut frå karakterpoeng på søknad til Vg1 ved søknad før 15. oktober i Vg1, og deretter fortløpande. Løfte om inntak på Vg3 studiespesialisering blir gitt under føresetnad av at utdanninga i utlandet kan godkjennast som Vg2 studiespesialisering.

d) Elevar som går eller har gått på Lundeneset

Ved inntak til Vg2 blir eigne elevar som søkjer seg vidare til påfølgjande trinn/programområde prioriterte før eksterne søkjarar, dersom dei oppfyller desse vilkåra:

  1. Dei har karakteren 2 eller betre i alle fag, og minimum 35 karakterpoeng.

Ved inntak til Vg3 studiespesialisering blir eigne elevar som søkjer seg vidare frå Vg2 studiespesialisering prioriterte før eksterne søkjarar, dersom dei oppfyller desse vilkåra:

  1. Dei har karakteren 2 eller betre i alle fag.

Ved inntak til Vg3 påbygging til generell studiekompetanse blir eigne elevar som søkjer seg vidare frå Vg2 yrkesfag prioriterte før eksterne søkjarar, dersom dei oppfyller desse vilkåra:

  1. Dei har karakteren 2 eller betre i alle fag, og minimum 35 karakterpoeng.
  2. Dei har minimum gjennomsnittskarakteren 3,2 i faga norsk (Vg2), matematikk (Vg1) og naturfag (Vg1).

Ved inntak til Vg3 vil elevar som har gått berre Vg2 bli prioritert før elevar som berre har gått Vg1.

Eigne elevar som ikkje oppfyller krav til prioritering på grunnlag av karakterar i første halvår kan seinare bli prioritert på grunnlag av karakterar for andre halvår, men det blir ikkje halde av plassar til desse i inntak før fastsetting av karakterar for andre halvår.

Dersom fleire søkjarar står likt i konkurransen om den eller dei siste plassane, blir rekkefølgja mellom dei avgjort ved loddtrekning.

e) Bustad

Elevar blir tatt opp med tanke på at internatet skal bli fullt. Så lenge skulen har disponible internatrom vil derfor søkjarar som vil bu på internatet bli prioritert framfor elevar som ønskjer å bu utanfor skulen. Dette gjeld likevel ikkje når søkjaren er frå Vindafjord eller nabokommunar og ønskjer å bu heime.

Dersom det er fullt i internatet for eitt kjønn, vil søkjarar av det andre kjønnet eller søkjarar som kan bu heime bli prioritert så lenge det er plass i klassane. For at ein søkjar som kan bu heime skal bli prioritert, må han ha minimum 32 karakterpoeng på yrkesfag og minimum 40 karakterpoeng på studiespesialisering.

f) Jamn fordeling av gutar og jenter

Dersom inntaksrangeringa ut frå prioriteringa elles viser at det blir færre enn 32 % elevar av eitt kjønn i ein klasse, skal søkjarar av dette kjønnet prioriterast framfor søkjarar av det andre kjønnet (med fleire karakterpoeng) til ein har nådd grensa på 32 %. Når ein då prioriterer eitt kjønn, blir det laga prioriteringsliste på dette kjønnet ut frå dei andre kriteria under punkt 3.

g) Karakterar og poengutrekning (gjeld alle trinn)

Utanom punkt 3 a til f over, blir søkjarane ved oversøkning prioritert ut frå karakterpoeng frå siste aktuelle karakterdokument jfr. ”Dokumentasjon” ovanfor.
Søkjarar til Vg3 som har tatt Vg2 i utlandet blir prioritert ut frå karakterpoeng på Vg1.

Karakterpoeng blir rekna ut etter same prinsipp som i offentlig skule, jfr. Forskrift til opplæringslova §§ 6-20, 6-21, 6-24, 6-28, 6,29.

Dersom fleire søkjarar står likt i konkurransen om den eller dei siste plassane, blir rekkefølgja mellom dei avgjort ved loddtrekning.

5. Klage på vedtak om inntak

Vedtak om inntak er å rekna som enkeltvedtak etter Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) § 2. Søkjar kan klage vedtaket til Fylkesmannen i Rogaland. Klage skal sendast via skulen, og klagefrist er tre veker.

* Ressursteamet består av rektor, undervisningsleiar 1, sosialrådgjevar, internatleiar, PPT-kontakt og OT-kontakt.

Reglementet blei sist vedtatt av skolestyret 28.11.2018