Inntaksregelement – internat

a) Elevar blir tatt opp med tanke på at internatet skal bli fullt. Dersom det er fullt i internatet for eitt kjønn kan søkjarar av det andre kjønnet eller søkjarar som kan bu heime prioriterast.

b) Søkjarar som vil bu på skuleinternatet blir prioritert framfor elevar som ønskjer å bu utanfor skulen, så lenge skulen har disponible internatrom. Dette gjeld likevel ikkje når søkjaren er frå Vindafjord eller nabokommunar og ønskjer å bu heime. Rektor kan i spesielle tilfelle, etter søknad frå myndige elevar, gje høve til å bu utanfor internatet.

c) Dersom det er oversøkning til internatplassar, blir elevar som ikkje kan bu heime pga. for lang avstand prioritert framfor elevar som kjem frå nærområdet og kan bu heime. Dersom det blir naudsynt å prioritere mellom elevar som kjem frå nærområdet, vil dei som har gått lengst på Lundeneset og dei som har lengst reiseveg koma først, etter ei skjønnsvurdering.

d) Elevar som har mange eller alvorlege brot på internatreglementet kan miste internatplassen for påfølgjande skuleår. Eleven (og føresette for elevar under 18 år) skal i slike tilfelle få varselbrev i god tid og få sjansen til å vise betring. Leiargruppa* saman med internatleiar gjer vedtak innan utgangen av juni om ein elev ikkje får internatplass. Vedtaket kan ikkje ankast.

e) Lundeneset VGS kan ikkje ta inn som internatelevar søkjarar som vil setja spesielt store krav til tilsette og medelevar.

f) Det er ein føresetnad for status som internatelev at eleven fylgjer undervisninga på skulen. Dersom ein elev ikkje har grunnlag for å halde fram som skuleelev, kan eleven heller ikkje bu i internatet.

g) Det er ein føresetnad for internatplassen at skulen får betaling til rette tider.

* Leiargruppa består av rektor, undervisningsleiar 1, undervisningsleiar 2, diakoni- og fritidsleiar og studie- og administrasjonsleiar.

Reglementet blei sist vedtatt av skolestyret 30.01.2018