For første gong hadde Lundeneset og Tryggheim felles stand under NLMvgs-fana. Det skal ikkje stikkast under verken stolar eller andre ting at det i føregåande år har vore ei viss rivalisering mellom Lundeneset med lappane og Tryggheim som alltid hadde vafler som lokkemiddel på sin stand. I år hadde Lundeneset med seg lapperøre, og Tryggheim stilte med steiketakke. Dei som kom på denne ideen bør vurderast nominert til Nobels fredspris. Tidlegare rivalar snakka fint om kvarandre og samarbeida både om elevrekruttering og lappesteiking.
Å stå på yrkesmesse er krevjande, og då klokka var tre på torsdag var nok dei fleste involverte glade for at fredagen var kutta ut som messedag dette året. Over 1500 lappar var steikte og delte ut, brosjyrer og ballongar distribuerte, Tryggheim og Lundeneset foreina i NLMvgs-brorskapet. Me skal ikkje hevda at alle som fekk lappar kjem til Lundeneset til hausten - heldigvis - men me har heilt sikkert skaffa skulen fleire vener desse dagane. Og heilt sikkert eit par søkarar også.
Bilete frå messa ser du her.


















