Andre stader i fylket klagar dei over at fotballspelinga har stoppa heilt opp denne vinteren. Slik er det ikkje på Lundeneset.
Kunstgrasbanen her har nemleg med jamne mellomrom blitt handbrøyta for dei uvanleg store mengdene snø. For dei som verkeleg er glade i fotball, er det ikkje noko som heiter for mykje snø.
Tidlegare i vinter vart det lånt inn ein snøfresar for å letta jobben. Første dag etter vinterferien, og første vårdagen etter kalenderen, vart banen rydda med tradisjonelle snøskuffer. Skuffarane heiter Håkon Garvo, Odd Bjarne Brekke og Ole Arne Pedersen.
Sistnemnde har ikkje tal for kor mange gonger banen har blitt rydda i vinter. Berre at det er alt for mange.
No vil dei ha vår, slik at det berre er fotball dei treng konsentrera seg om - ikkje snømåking.




















