logg inn eller søk:
Album Arkivet
Bjarte Nessa og Harald Hovland er klare for innsats.

Yrkesmessebilder

Kåre Vignes 5. februar 2010

Her er bilete frå yrkesmessa i Stavanger første veka i februar. God stemning og relativt sjuke mengder lappar. 11 spann røre gjekk med.

Bjarte Nessa og Harald Hovland er klare for innsats. Ei lappeladning forsvinn på cirka 10 sekund. Folk er som gribbar. I år stilte me med serviettar under lappane. Dette reduserte antallet brannskader med 100% frå tidlegare år. Lundeneset og Tryggheim stilte i år felles stand under NLMvgs-logoen. Ein suksess. Bjørnar Bleie er 10 års-jubilant i år. Her driv han litt rekruttering for neste generasjon Lundenesingar. Marta Lodden, Aase Malde og Bjarte Nessa var med i teamet på messa. Harald er lei av både messe og lappar, og snur seg vekk frå steiketakka i avsky. Heile gjengen samla. Vegard Egeland ytterst til høgre. Det kan klikka for sjølv den mest sindige person etter 3 timars samanhengande lappesteiking. Harald vil heim. Ei natt på Tau gjorde Harald opplagt nok til å ta over heile lappesteikinga siste dagen. 10 minutt lappesteiking iallefall. Bjarte freister overtala eit noko skeptisk publikum. Vegard satsar på langtidsrekruttering retta mot niandeklassingar. Harald skrur på alt av sjarm. Gamle elevar stikk alltid innom standen. Her har Sindre Hetland, Jarleif Tvedt og Tor Kristian Kjølvik stukke innomm for å sjekka ut lappekvaliteten. Dei var alle russ for overraskande mange år sidan. 2006? 2007? Vanskeleg å seia. Daniel Esperås var russ 09. Også han fann noko av interesse på yrkesmessa. Kåre og Leon har vore på messe ilag i åtte år. Det gir seg slike utslag. Daniel kosar med kyllingen til Tveit vgs. Harald prøver å få kyllingen opp i nasen. Aase - lappemeister. Opprydning. Alle teppeflisene må ut. Det er tungt. Bordet derimot, var lett. Fleire gamle kjente stakk innom. Jon Magne er berre glad for å assistera ein sliten Bjarte. Aller siste innsats. Oppvask av 11 lapperørespann. Harald Hovland. Framifrå oppvaskar.