Mange interessert i Lundeneset

–  Eg merkar når eg er ute at det er stor interesse for Lundeneset. Mange kommenterer at internatskule høyrest kjekt ut, og at det det hadde vore kjekt å gå på ein kristen skule, seier Sondre Bø.

Sondre Bø er informasjonskonsulent ved Lundeneset. I løpet av eit skuleår deltar skulen på messer i store delar av landet. Ofte blir Lundeneset profilert saman med paraplynettverket NLMvgs.

­– Det har vore eit bra år så langt. Interessa for Lundeneset og NLMvgs har vore stor. I 2017 er me innom blant anna Fredrikstad, Kristiansand, Skjærgårds, Impuls, i tillegg til mange andre stader i Rogaland og Hordaland, fortel Sondre.

Lundeneset er også på besøk på enkelte ungdomsskular.

– Eg blir ikkje forundra over at mange søker, med tanke på responsen eg har fått, samt at me nyleg hadde full besøkshelg her på Lundeneset.

Mange søknader
Undervisningsleiar Arlene Pedersen stadfestar Bø sine opplevingar:

­– Det er per i dag nokre fleire søkarar til Vg1, enn på samme tidspunkt i fjor. Auken i talet på søknader har så langt vist seg å være til Vg1 studiespesialisering, seier undervisningsleiar Arlene Pedersen.

Ho oppfordrar dei som ønsker å bli elev på Lundeneset om å krysse av for fleire av tilboda til skulen når dei søker:

– Snittet for å kome inn på studiespesialisering har dei siste åra vore høgt, og då har medieproduksjon og sal og service vist seg å vera kjekke og lærerike utdanningsprogram for mange. Ved å ta tre år på eit yrkesfagleg utdanningsprogram oppnår du også generell studiekompetanse, og for fleire elevar har det i tillegg gitt ekstra motivasjon for skule når dei får opplæring i heilt nye fag, som til dømes marknadsføring, ungdomsbedrifter, mediedesign og medieproduksjon.

Les meir om søking og studietilbodet til Lundeneset her.

Gode ambassadørar
Når Sondre Bø reiser på messer, har han som regel med seg nokre elevar.

– Elevane er dei viktigaste ambassadørane me har. Dei synest det er kjekt å få ein alternativ skuledag og få vera med på messe. Dei gjer ein god jobb! skryter Sondre.

Han legg til at det er viktig å vera synlege rundt om i Norge:

­– Det er viktig at me er fysisk tilstade. Då møter dei oss og kan få stilla dei spørsmåla dei måtte ha, avsluttar Sondre Bø.

Søk elektronisk
Alle som søker skuleplass på Lundeneset må fylle ut skulen sitt elektroniske søknadsskjema. Det kan du finna her. Me treng også å få tilsendt karakterdokumentasjon. Du kan anten laste opp karakterane dine i den elektroniske søknaden, eller sende kopi av karakterdokumentsjon i posten. Er du frå Rogaland må du også hugse å legge Lundeneset inn som eitt av ønska dine i Vigo-søknaden.

Publisert av
Helge Johan Stautland 2017-02-15 10:30:48

Del denne siden