logg inn eller søk:
På fritida

På fritida

KRISTNE TILBOD

Torsdagsmøter

Kvar torsdag kl.20.00, ofte med ein talar utanfrå skulen. Guds Ord, sang og musikk.

Ti-på-ti-møte

Kvar sundag kl.21.50. Kort kveldsandakt med sang og deling av Guds Ord.

Bibelgrupper

Annakvar måndag frå 20.30 – 22.00 (ca). Ei gruppe består av om lag 9 personar og møtes heime hjå ein i personalet. Her vert det godt fellesskap, høve til å spørja om det du lurer på og kanskje noko å bite i :-) Barne- og ungdomsarbeid Engasjer deg i kristent arbeid utanfor skulen på fritida! Du kan vera med på sundagsskule, leirar, driva allidrett, konfirmantgrupper e.l. Utfordrande, givande og lærerikt!

IDRETT

Treningsrom

For 500 kr i året får du nøkkel og tilgong til treningsrom. Kr 300 er depositum for nøkkelen, som du får tilbake når du leverer nøkkelen. Her finn du tredemølle, chins-stativ og dip-stativ osb.

Gymsal

Open for alle stort sett kvar dag. Her kan du spela fotball, volleyball, innebandy – det meste.

Kunstgrasbane

Flott ny bane med flomlysanlegg, rett nedanfor 500-internatet. Volleyball Kvar tysdag i gymsalen.

Ut i naturen!

Like ved skolen finn du flotte turmoglegheiter i fjellet. Ta deg ein tur til Skaret, Kåtanuten, Hovdanuten eller innover heiane. Røldal skisenter og Svandalen skisenter ligg begge bare ein god times biltur unna. God tur!

Fotball

Eigne fotballag for gutar og jenter. Gutelaget er med i serien (spelar for Ølen IL).

MUSIKK

Musikkrom

For 500 kr i året får du nøkkel og tilgong til musikkrommet. Kr 300 er depositum for nøkkelen, som du får tilbake når du leverer nøkkelen. Her finn du piano, trommer, bass, el-gitar og akustisk gitar, samt lydutstyr og diverse noter.

Mannskor

Mannskoret legg vekt på to ting; TRØKK og TEKST! Mottoet er: ”Syng med den stemmen du har” (eventuelt ikkje har). Uformell kort øving ein gong i veka.

Skolekor

Blanda kor frå alle klassetrinna. I år er det godt over 50 elevar i skolekoret, og repertoaret er ei god blanding av fleire sjangrar.

Russekor

Samtlige kor har i løpet av året opptredenar både på skulen og i nærområda, og som regel ein litt lengre turné. Ein kan òg få kor godkjent som valfag.

ANNA

Hobbygruppa

Kvar tirsdag frp 19.30-22.00. Teikn, mal, sy, strikk, klipp og lim! Hobbyrommet er nyoppussa og er utsyrt med kjøkenkrok med bl.a. kaffimaskin

Vestibylen i gymbygget

Bordtennis- og biljardbord.

Biblioteket

Likar å lese? Du finn noko for einkvar smak her, både tidsskrift, fag- og skjønnlitteratur. DU kan og låne filmar.

”Ståvå”

Trivelege sofagrupper og sosial samlingsstad ved matsalen. Her er TV, aviser, piano og spel.

Kafé og andre miljøtiltak

Miljøavdelinga steller gjerne til kafé, quiz eller elevkveld.

Russearrangement

Mellom anna skolebryllup, talentkveld, crazy-hair-day, Grand Prix, nattcupar, ”eldretreff” og basar. Dei fleste arrangementa skjer i helgane.

Strand- og kaiområde

Nydelig område med grillplass og sitjegrupper. Her kan du bade, låne kajakk, kano eller båt m/påhengs.

Internatlivet

Kvart internat har ei ståve m/kjøken. Tida går òg forunderleg fort når ein berre sit og tatlar på eit rom over ein kopp kaffi :-) Elles er Ølen sentrum 10 min (med bil) unna, og Haugesund om lag 45 min.

 

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene